Lukk:
Dale McKussic (Mac) er ein tidlegare narkolangar som har bestemt seg for å begynne med meir ærlege syslar. Nick Frescia, politi og god venn av Mac, vil i det lengste prøve å unngå å ta Mac i ein narkotikahandel. Mac er stamgjest på ein finare restaurant som blir driven av den vakre Jo Ann Vallenari. Begge fell etter kvart for ho, og det kan øydeleggje vennskapen mellom dei to kameratane. Så får politiet greie på at Mac ventar besøk av den gamle leverandøren sin, og dermed blir alle fire involvert i eit livsfarleg spel.