
| |
 |
| |
Billettar
Grupperabatt for ungdom : Kjøp 4 få 5 billettar. Grupperabatt for barn: Kjøp 4 få 5 billettar. Høgare prisar på premierer og filmar i 3D.
Tenestetorget tlf 57756000 måndag-fredag kl 8-15.I billettluka tlf 57756052 1/2 time før kinoframsyning og 1 time før teater/revy/konsert. Billettsalet er i gang på alle arrangement som ligg på oversiktslista nedst på sida. Du kan kjøpe e-billettar ved å klikke på klokkeslett under kjøp i høgre kolonne. Film i 3D: Flora kommunale kino har no installert 3D. 3 D briller får du låne når du går inn i kinosalen, desse må du legge attende når du går ut! Nyhende på SMS: No kan du motta gratis nyhende om kva som skjer på Flora Samfunnshus. For å melde deg på tenesten sender du ein SMS med kodeord FLORA til 2242. Du kan kvar tid som helst melde deg av tenesten. Då sender du SMS med FLORA STOPP til 2242.
|
|
|
|
|
|
|
 |
| |
Om huset
Flora Samfunnshus tilbyr varierte former for kulturelle opplevingar, alt under same tak.
Her finn du mellom anna kino-/teatersal, bibliotek, kafé, møterom og eit lite galleri. Flora Samfunnshus er Flora kommune si storstove, plassert midt i Florø sentrum. Huset blei opna i 1979, og har fleksible fasilitetar for dei fleste arrangement. Huset rommar også Flora kommune sitt Tenestetorg, brannstasjon og kontor for ein del tekniske tenester. Bistro To Kokker AS driv kaféen på huset.
Flora kommunale kino har vore i samanhengande drift sidan 1922. I 2005 fekk vi installert ny filmframvisar. Kinosalen har 396 sete. Vi har vanlegvis kveldsframsyning på onsdag, fredag og søndag. Eigne framsyningar for ulike aldersgrupper/skular/barnehagar på dagtid.
Flora Samfunnshus er medlem i Norsk KulturhusNettverk.
Opningstider Flora Samfunnshus - kulturhusdelen
Måndag - fredag 8 - 20
Laurdag 11 - 14
Andre/utvida opningstider ved kino/arrangement. Om sommaren, i feriar og rundt høgtidsdagar har vi redusert opningstid.
|
|
Lenker
Informasjon om heimesida og logoen
|
|
| |
|
|