Flora samfunnshus
 
Info
  Kjøp billetter
 
 
Info
  Om huset
 
 
Info
  Om kinoen
 
 
Info
  Kontaktinformasjon
 
 
Info
  Leige av huset
 
 
Info
  Facebook
 
 
Info
  Flora Folkebibliotek
 
 
Info
  Flora kommune
 


 
Info
 

Billettar
Grupperabatt for ungdom : Kjøp 4 få 5 billettar. Grupperabatt for barn: Kjøp 4 få 5 billettar. Høgare prisar på premierer og filmar i 3D.

Tenestetorget tlf 57756000 måndag-fredag kl 8-15.I billettluka tlf 57756052 1/2 time før kinoframsyning og 1 time før teater/revy/konsert. Billettsalet er i gang på alle arrangement som ligg på oversiktslista nedst på sida. Du kan kjøpe e-billettar ved å klikke på klokkeslett under kjøp i høgre kolonne.
Film i 3D:
Flora kommunale kino har no installert 3D. 3 D briller får du låne når du går inn i kinosalen, desse må du legge attende når du går ut!
Nyhende på SMS:
No kan du motta gratis nyhende om kva som skjer på Flora Samfunnshus. For å melde deg på tenesten sender du ein SMS med kodeord FLORA til 2242.
Du kan kvar tid som helst melde deg av tenesten. Då sender du SMS med FLORA STOPP til 2242.

 

 

 
 


  Leige av huset



Prisar for ikkje-kommersielle aktørar, lag/organisasjonar m.v.

Kinosalen kr 1760

Festsalen kr 1760

Møtesalen kr 1100

Møterommet kr 715

Møteromma i underetasjen (Stabben, Ytterøyane, Assistenten, Kvanhovden) kr 550,- pr stk.

Foajeen og Vestibylen pris etter avtale.

Prisane gjeld for leigefohold inntil 7,5 time. Rabattar ved leige over fleire dagar. Inkludert i leigeprisen er TV/video, flipover, tavle m/tusjar, overhead, reinhald og rigging. Internettoppkopling: kr 110, PC/Kanon kr 330.-, kanon i kinosal kr. 605,-

Ved inntektsbringande arrangement er leigeprisen sett til 12 % av billettinntektene.

Arrangement som strekk seg ut over ordinære opningstider på huset: kr 520.- pr påbegynte time.

Lag og organisasjonar som leiger rom på huset kan fritt servere mat og drikke og skal ha høve til å bruke kjøkken og dekketøy etter nærmare avtale med Bistro To Kokker , dersom dette ikkje er til praktisk hinder for kafédrifta. Andre konkurrerande bedrifter har ikkje høve til å levere mat på huset.

Flora Samfunnshus leiger også ut stolar/bord. Ta kontakt på tlf 57 75 60 50 for meir informasjon.



Prisar for kommersielle aktørar

Eigne prisar for kommersielle arrangement eller arrangement med inntektspotensiale. Ved inntektsbringande arrangement er leigeprisen sett til 12 % av billettinntektene. Kontakt oss for meir informasjon.



Avbestillingsgebyr

Avbestilling av lokale mindre enn ei veke før arrangement: full pris av leigesats. Avbestilling mindre enn fire veker før arrangement: halv pris av leigesats.



Billettsal

Flora Samfunnshus administrerer alt billettsal til arrangement i kinosalen. Vi vurderer å innføre ordninga også i dei andre salane. Billettsalet skjer gjennom huset sitt elektroniske billettsystem, og med eit påslag pr billett som vert belasta arrangør. Kontakt oss for nærmare informasjon.

Billettsal på dagtid (måndag-fredag kl 8-15): Tenestetorget, Flora Samfunnshus tlf 57 75 60 00.

Billettluka (ved kveldsarrangement/kino): tlf 57 75 60 52, ½ time før kinoframsyningane og 1 time før andre arrangement.



Pakkeprisar

Vi tilbyr også pakkeprisar på mat og hus m.m. for bryllaup, større møte/konferansar o.l. i samarbeid med Bistro To Kokker, som driv kaféen på huset. Ta kontakt med Bistro To Kokker AS eller på tlf 57 74 07 97 for nærmare avtale.

   

 
 
Kolofon