Sjøborg kulturhus
 
Info
  Kulturprogram
 
 
Info
  Om huset
 
 
Info
  Leige av huset
 
 
Info
  Kontaktinformasjon
 
 
Info
  Aldersgrenser
 
 
Info
  Billettinfo
 
 
Info
  Ungdomsbillettar
 
 
Info
  Handikappbillett o.l.
 
 
Info
  Motta siste nytt?
 
 
Info
  Årets gåvetips!
 
 


  Om huset

Sjøborg kulturhus vart offisielt opna i juni 2007, og er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. I oktober 2007 vart også kinoen opna og dermed er det nyaste og mest komplette kulturhuset på Sunnmøre ferdig.



Sjøborg kulturhus er ein del av sameiget Ulstein kultur og konferansesenter A/S, som er eigd av Ulstein kommune og Ulstein hotell A/S, og er samlokalisert med Quality Ulstein hotell.

Kulturkontoret i Ulstein er ansvarleg for drifta av kulturhuset, med utleige av huset til kulturføremål og drift av Sjøborg kino.


Storsalen i Sjøborg har to amfi, der fremste amfi har 228 seter og bakerste amfi har 240 seter. Ved mindre konsertar/ arrangement, kan ein dele salen, slik berre det fremste amfiet er bruk, og ein får dermed ein intim og tilpassa sal.

Om ein ønksjer det, kan ein ved bruk av eit mindre sceneområdet, få plass til om lag 50 stolar framfor det fremste amfiet, noko som gir salen 518 seter.

Sceneområdet i Sjøborg er om lag 9 x 16 meter, på flatt golv. Dersom arrangementet krev scene, kan dette byggast i ulike høgder, etter arrangøren sine ønskjer.



Salen er utstyrt med ein topp Meyer M'elodie lydrigg, som tilfredstiller dei fleste behov. Sal/ scene har ei grunnutrustning i høve lys, men vil nok måtte supplerast etter ønskje/ behov.

Sjøborg kino vart opna 12.oktober, med framsyning av ?Harry Potter og Føniksordenen?. Salen har 119 seter i ein romsleg og flott sal, med ein særprega arkitekur.

Sjøborg kino har eit moderne lydanlegg, som har hausta godord frå filmpublikum.

I kinokiosken kan får du kjøpt både billettar og snacks før framsyninga.



Sjøborg kino kan og nyttast til mindre konsertar/ teater/ møter.

   

 
 
Kolofon