|
|
 |
| |
Ungdomsbillettar
Møre og Romsdal fylke har blitt plukka ut av Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) til å delta på Kulturkort for ungdom. Ordninga Kulturkort for ungdom skal gi ungdommar i målgruppa opptil 20 år tilgang til rabatterte kulturbillettar i fylket. I Ulstein vil det i første omgang gjelde på kinobillettar og dei kommunale kulturarrangementa.
Du kan kjøpe/reservere billetten på Servicetorget (man-fre, 9-15) og i kinokiosken. Du kan også reservere pr telefon til Servicetorget, 70 01 75 00. Denne billettkategorien er inntil vidare ikkje tilgjengleg for e-billett.
Ved kjøp av ungdomsbillett, må du kunne vise gyldig legitimasjon.
Billettkategoriar på kino: Born (under 15 år) Ungdom (15-20 år) Voksen (over 20 år)
Sjølv om det ved fleire høve vil vere same pris for born og ungdom, både på kino og andre kulturarrangement, blir ikkje barnebillett godkjent for dei over 15 år.
|
|
|
|
| |
|
|