|
|
 |
| |
Billettinfo
Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Reserverte billettar må hentast innan tre dagar etter reservasjonsdato. Er hentefrist same dag som forestillinga, må dei hentast seinast 30 minutt for forestillinga startar.
Kjøp av billettar
E-billettar Du kan kjøpe e-billettar på nettsida her, ved å klikke på "Kjøp billettar" bak den aktuelle forestillinga.
Billettane kan takast ut på printeren heime eller i Kinokiosken. Pass på at du får med strekkode på billettane dersom du printer dei ut heime. Om du vil hente dei i Kinokiosken er det viktig at du har med betalingskortet (evt dei seks siste sifra på kortet), samt e-referansa du får ved stadfesting av kjøpet.
Servicetorget ved Ulstein Rådhus Du kan kjøpe og reservere kino- og kulturbillettar på Servicetorget. Opningstider er måndag til fredag frå kl 08.00 til kl 16.00. Telefon 70 01 75 00.
Kinokiosken Kinokiosken har ope 45 minutt før kvar kinoforestilling og andre arrangement. Her kan du både kjøpe og reservere.
Reserverte billettar må hentast innan tre dagar etter reservering. Billettane kan hentast i Servicetorget eller i Kinokiosken.
NB: Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Handikapplassar og følgjekort Ta kontakt med Servicetorget eller Kinokiosken for rullestolplassar og følgjekort-billettar. Sjå også eigen informasjon om kjøp av handikapplass.
Billettkategoriar På kino: Born (under 15 år) Ungdom (15-20 år)* Voksen (over 20 år)
På andre kulturarrangement: Born (under 16 år) Ungdom (16-20 år)* Voksen (over 20 år)
* Møre og Romsdal fylke har blitt plukka ut av KKD til å delta på Kulturkort for ungdom. Ordninga Kulturkort for ungdom skal gi ungdommar i målgruppa opptil 20 år tilgang til rabatterte kulturbillettar i fylket. I Ulstein vil det i første omgang gjelde på kinobillettar og dei kommunale kulturarrangementa. Ungdomsbillettar kan ikkje kjøpast på nett.
Du kan lese meir om ordninga her.
|
|
|
|
| |
|
|