Filmweb

Heimkjenning

Vennligst vent, laster programmet.

Elling Vanberg ville i år fyllt 80 år. Kona Anne Margrete og dottera Sigrid Kristin nyttar høvet til å markere dette med ei forestilling i Stryn Kulturhus. Denne kvelden har dei invitert med seg vener av Elling, som alle har gjort sine utval av dikt og viser spesielt for denne kvelden - og saman vil dei ta publikum med på ei litt annleis reise gjennom Elling sitt forfattarskap. Denne kvelden hentar dei Elling heim til garden, bygda og menneska der, og publikum møter hans forfattarskap gjennom personar som kvar på sin måte var ein del av det medan Elling levde.

 

Etter forestillinga er alle inviterte til sosial samkome i foajeen i Stryn Kulturhus. Her vil det vere høve til å prate, synge eller lese dikt om ein vil. Samkoma vil bli uhøgtidleg leia av Fridtjov Urdal. Prisen inkl. servering av betasuppe m/ brød etter forestillinga.

 

Velkomne til Stryn kulturhus laurdag 18. november!

 

 

VELKOMEN TIL STRYN KULTURHUS  - Tinggata 18, 6783 Stryn - Telefon: 57 87 47 65 (08.30-16.00)