Informasjon om kinoen

Kvam kino

Velkomen til Kvam kino  !

Kvam kino er kommunal og ligg i Norheimsund. Kinosalen har 110 sitjeplassar i eit amfi. Det er ikkje setereservasjon. Kinoen opnar 30 min før kvar framsyning.

BILLETTINFORMASJON:

Billettprisar frå 1.1.2018 :

  • Barn ( under 15 år) kr 80,-
  • Honnør kr 80,-
  • Vaksne kr 110,-

Alle billettar kostar kr 110,- etter kl 19 00. Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Honnørbillettar og barnebillettar kan berre kjøpast til framsyningar før kl 19 00.

Billettluka opnar 30 minutt før kvar framsyning.

Førehandsal av billettar:

Det vert førehandsselt billettar på nettsida. Dersom det er ledige billettar, vert desse selde i billettluka som opnar 30 min før kvar framsyning. I billettluka kan du kjøpa billettar til framsyningar fram i tid.

Gåvebillettar:

Du kan kjøpa gåvebillettar, enten ved å bestilla på kinogaven på denne sida, eller kontakta mars@kvam.kommune.no. Billettane må bytast inn i billettluka, og ein kan ikkje reservera/"veksla inn" gåvebillett på førehand på nettet. Ønskjer du reservera, må du ta med gåvebilletten i billettluka i opningstida ( 30 min før kvar framsyning) og byta billetten inn i ordinær billett. I billettluka kan du og byta inn gåvebilletten i ordinær billett til ei framsyning fram i tid.

Ledsagarbevis:

Kinoen aksepterer ledsagarbevis. Ein kan ikkje førehandsbestilla billett til ledsagar på nettsida, men om du kjøper billett til ledsagar på nettet, kan den bytast inn i gratisbillett på kinoen. Denne billetten kan ein nytta etter avtale med kinoen, på same vilkår som gåvebillettar. I billettluka kan ein og kjøpa ordinær billett og få gratisbillett for ledsagar fram i tid, og du kan veksla inn gratisbilett til ein billett til ei framsyning fram i tid.

Trivselsleiarar:

Kinoen aksepterer trivselsleiarbevis, som gjev 2 for 1 på framsyningar på laurdagar. Ta med trivselsleiarbeviset i billettluka ( ein kan ikkje reservera på nettet).

Opplevingskort:

Kinoen aksepterer Opplevingskortet. Ta med kortet i billettluka ( ein kan ikkje resevera på nettet).

3D:

Kinoen er digitalisert, og har innstallert 3D. 3D-briller får ein kjøpt på kinoen, kr 100,- pr stk. Du kan kjøpa briller tilpassa born og vaksne. Brillene kan brukast på alle 3D framsyningar på Kvam kino.

Kvam kino er på Facebook.

Kinosjef:
Mary Ann Sørheim, tlf 56 55 30 00/ 954 07 710 mars@kvam.kommune.no