Gudspartikkelen

Guden
Gud

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større.

Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?