Filmweb

Kulturhus

Kino * Kaffibar * Kiosk * Musikkbinge * Kunstgalleri

Stryn kulturhus er heile kommunen si storstove. Kulturhuset er arena for profesjonelle kunstnarar og lokale aktørar sine framføringar og utstillingar, og kan i løpet av året tilby noko for einkvar smak.

Kulturhuset er nyleg oppgradert med ny kaffibar, kinolounge og kiosk.

Vi kan tilby våre gjester å kjøpe verdikort dei kan nytte seg av både i symjehallen, i kinokiosken og ved ulike arrangement. Korta kan kjøpast i vår kinokiosk. Anbefalast også som gåve til vener og kjende!

Billettar til alle arrangement som føregår i kulturhuset kan du kjøpe på:

www.stryn.kommune.no eller på telefon 57 87 47 65.

 

Stryn kulturhus prisar 2017

Teknisk utstyr

Stryn kulturhus Reglar for leige 2017.pdf 

 

Kultursalen: Konsert, teater og kinosal m.m. 365 sitjeplassar.

 

Møterom kapasitet:

• Tingsalen: 60 stk

• Datarom - Ragnarok: Utstyrt med datamaskiner til datakurs for 10 - 15 stk

• Skald: 15 - 20 stk

• Edda: 10 stk

• Edda og skald er delte med foldevegg og kan opnast. Det er då plass til 25 - 35 stk. alt etter møblering

 Alle våre møterom er utstyrte med: prosjektor, flippover og overhead

 

Foajè:

• Eigna lokale for selskap, firmaevents, intimkonsertar..etc

• Foajeen kan leigast ut til kunstutstillingar o.l. Eigna område er avsett til dette føremålet i foajeen

• Toalett

 

Kjellar:

• Heimskringla: Nyoppussa ungdomslokale som er utstyrt for bla. discotek. Bordtennis, ulike spel..etc. er tilgjengeleg. Kan også leigast til barneselskap..etc.

• Kjellaretasje

• Galleri

• Kontor og øvingsrom for Stryn kulturskule

• Skytebane

• Teatergarderobar

• Toalett

• Garderobe

 

2. etasje:

• Veslesalen har plass til 72 personar i amfi med bord  

• Speilsalen - kan nyttast til danseundervisningar..etc.

• Utstyr: Fast prosjektor, tavle, overhead, flippover. Norskundervisninga har 3 undervisningsrom, lærarkontor, fellesrom

• Kulturskulen har 1 undervisningsrom i sambruk med norskundervisninga og speilsal til danseopplæring.

VELKOMEN TIL STRYN KULTURHUS  - Tinggata 18, 6783 Stryn - Telefon: 57 87 47 65 (08.30-16.00)