Filmweb
 
 

Salmer fra kjøkkenet

INNLEIING
Læreplanen for kunst- og handverksfaget seier at tiandeklassingane skal bli kjente med ulike filmuttrykk, medan læreplanen for norskfaget vil ha elevane til å diskutere innhald og filmatiske verkemiddel. Eit gitt filmuttrykk kan neppe seiast å vere noko anna enn nett ein gitt filmskapars handtering av filmatiske verkemiddel, og for å få eit kjennskap til desse er det greitt å studere filmar med ein tydeleg stil, altså ein der dei filmatiske verkemidla er lette å få auge på. Ein slik film er Bent Hamers Salmer fra kjøkkenet.

BENT HAMRES FILMATISKE UTTRYKK
Hamers filmografi omfattar langfilmane Eggs (1995) og En dag til i solen (1998), samt kortfilmane Søndagsmiddag (1991) og Applaus (1994). Eggs vart mykje av eit kritisk og kommersielt gjennombrot for Hamer. Mykje av grunnen til dette låg i ein særeigen stil, både med omsyn til skodespelarinstruksjon, klipp og ikkje minst scenografi. For den som ser ein Hamer-film er det lett å få augo opp for at her er ein filmkunstnar som legg vekt på at soga han fortel skal gå føre seg i truverdige omgjevnader. Det er fristande å seie at handlingsrommet er like viktig som sjølve handlinga. Han er heller ikkje ein filmskapar som let dialogen fortelje historia for seg, dialog er snarare brukt for å utdjupe karakterar enn handling. Filmane hans er prega av ein lun humor, også denne visuell snarare enn verbal. Ein vil heller ikkje ta i miss om ein oppfattar Hamers filmar som karakterstudiar. Både Eggs og Salmer fra kjøkkenet handlar i stor grad om eldre mannlege einstøingar som får liva sine endra når dei møter nye folk. Dialog, klipperytme, musikk, scenografi og andre element teikner levande bilete av menneska som befolkar desse filmane. Handlinga spring ut av karakterane i staden for å vere ei slags narrativ felle karakterane er fanga i. Når vi studerer Salmer fra kjøkkenet, skal vi la handlinga vere ein knagg å henge studiet av dei filmatiske verkemidla og bruken av dei på. (Dersom det er ønskeleg å sjå på Hamers uttrykk som eit personleg eit og gå nokre steg i retning av eit auteurstudium, er det tilrådeleg å vise ein film til. Søndagsmiddag er tilgjengeleg på Norsk Filminstitutts DVD Norsk Stil, og burde passe godt inn i ein skuletime.)

HANDLINGA:
Utgangspunktet for handlinga er eit forskingsprosjekt initiert av det svenske Hemmets Forskningsinstitut (HFI). Representantar for HFI kjem flokkande til den norske bygda Landstad for å utforske einslege menns kjøkenvanar. I positivistisk stil er forskinga meint å skulle vere reint objektiv observasjon. Observatøren skal notere forskingsobjektets rørsler i kjøkenet utan å blande seg inn i det som skjer. Vi følgjer observatøren Folke og det heller motviljuge forskingsobjektet Isak, ein eldre særing som angrar på at han vart med på prosjektet. Folke får likevel innpass med litt hjelp av Isaks nabo og kamerat Grant, som seinare spelar ei viktig rolle i eit sjalusidrama mellom dei tre mennene. Forskinga går trått frå starten og går i vasken etterkvart som Folke og Isak tør opp og blir vener. Når venskapen vert oppdaga, får Folke fyken. Ved svenskegrensa bestemmer han seg for å snu og feire jul i lag med Folke, men finn han daud. Noko seinare ser vi Folke bu i Isaks hus der han ventar besøk av Grant.

Kva for ei soge ein vil fortelje, er eit viktig kunstnarleg val. Det har vore sagt at HFI var ein verkeleg institusjon som dreiv forsking av den typen vi ser i filmen. Likevel er det ikkje tvil om at Bent Hamer har valt å fortelje om dette mindre fordi det verkeleg kan ha skjedd, enn fordi den absurde situasjonen med ein ?upartisk? observatør og ein som motviljug let seg bli observert, er særs veleigna til å lage ein film om korleis menneske bryt ut av rollene dei skal spele når dei kjem nærare inn på kvarandre.

Eit godt triks for å skjerpe publikums observasjonsevne og ?trong, er å spele på klare skilnader. Slike er det nok av, sjå berre på alt som skil hovudpersonane. Den eine er svensk, den andre norsk, den eine er observatør og den andre er observert. Mykje av filmens humor spring ut av ei rollefordeling som denne, delvis fordi dei to etterkvart går ut av rollene HFI hadde meint dei skulle spele, når dei sluttar med observasjonen og blir kompisar. Vi ser òg korleis realitetane skil seg frå ideala i denne situasjonen, legg merke til korleis ein observasjonssituasjon som var meint å skulle vere nøytral og objektiv, direkte grip inn i og endrar dei rutinane han var meint å skulle gje privilegert tilgang til.

KLIPP
Klipperytmen i Salmer fra kjøkkenet er nokså langsam. Det vil seie at kvar innstilling (det som på engelsk heiter shot, og er namnet på den biten av filmen som er avgrensa i kvar ende med ein skøyt) er nokså lang. Tida ser ut til å gå langsamt, og ting går ikkje radigare av at innhaldet i kvar innstilling ikkje nett er fartsfylt handling. Ein slik rytme gir tilskodarane god tid til å studere den einskilte komposisjonen så vel som handlinga og objekta i henne. Ein rask klipperytme blir gjerne kalt MTV-klipping. Sidan klipp (montasje) er eit av filmens fremste verkemiddel, er det nyttig å bruke ein kjappare klipt bit med film, kanskje ein musikkvideo, til å kontrastere med. Oppfattar elevane klipperytmen i Salmer fra kjøkkenet som påfallande? Diskuter kva ein rask eller langsam klipperytme gjer med oppfatninga av tid og kor mykje som skjer i filmen. For å plukke ut ei scene for diskusjon, kan ein ta den der Isak egner musefellene sine. Korleis er scena klipt? Har klipparen lukkast i å gjere ein såpass kvardagsleg aktivitet spennande? Legg merke til innklippsbileta av Folke. At dei er der i det heile, gjer oss merksame på nærveret hans, og andletsuttrykket hans gjer oss eit hint om at noko kjem til å skje.

MISE-EN-SCENE
Dette omgrepet kan kanskje omsetjast med iscenesetjing. Vi ser at Hamer har lagt stor vekt på fimens forankring i eit visst miljø i ei viss tid. Det skulle gå nokså klart fram at tida er 1950-talet, men korleis ser vi dette? (Om ein er skarpøygd og har detaljert kjennskap til norsk filmhistorie, kan ein tidfeste handlinga nokså nøyaktig, utanfor samfunnshuset heng det ein plakat for Kåre Bergstrøms film Andrine og Kjell, som hadde premiere tidleg på året 1952.) Eitt svar er sjølsagt dei synlege objekta i filmen, og her skulle bilane vere framtredande. Om ein eller fleire av elevane er interesserte i veteranbilar, kan dei kanskje identifisere volvoane med årstal og modell? Kva tid ein gjekk over til høgrekøyring i Sverige er heller ikkje vrient å finne ut av, og ut frå samtalen mellom karakterane forstår vi at den andre verdskrigen er unnagjort, og at Sverige har minst eitt atomkraftverk. Snakk elles gjerne litt om presentasjonen av forskingsprosjektet. Var det nokon som trudde at multimedia var eit nytt fenomen? Ein kan seie at filmar som Salmer fra kjøkkenet gjer det mogleg for oss å sjå korleis folk lever, både ved å vise oss omgjevnadene deira og ved å gje oss tid til å studere desse. Filmens lett absurde skjær hindrar han ikkje i å observere dagleglivet med skarpt blikk. Med utgangspunkt i dette kan ein prøve å diskutere andre typar film, gjerne slike som elevane liker, og kva dei legg merke til i desse. (Tenk til dømes på kor dings-avhengige mange science-fictionfilmar ser ut til å vere.) Er det handlinga, personane eller skodeplassen som er det viktige?

MUSIKK
I filmvitskapen skil vi gjerne mellom diegetisk og ikkje-diegetisk musikk. Kort fortalt er diegetisk musikk den både tilskodarar og karakterar høyrer (Flickorna i Småland, til dømes), medan den ikkje-diegetiske musikken er den berre publikum kan høyre (opningsmusikken, ?Visa från Utanmyra? frå Jan Johansons Jazz på svenska, om nokon skulle lure). Legg merke til at det er lite ikkje-diegetisk musikk i denne filmen og diskuter kva vitsen er med å skilje mellom dei to typane. Ta opp kva oppgåver musikken har i filmen, legg merke til at den diegetiske musikken er med på å fortelje oss om karakterane som høyrer på (Folke lengtar kanskje heim til Småland? Kva med den flygande forskingsleiaren?), medan den ikkje-diegetiske ofte er eit slags ymt til publikum om kva kjenslemessig reaksjon dei skal kome med. Ta gjerne opp korleis tempoet i scenene med musikk spelar inn på tempoet i heile filmen. Har musikken nokon effekt utover den klipp har?

CASTING
Vi kan seie om Casting at denne jobben dreier seg om å finne rett skodespelar til rett rolle. I nokre høve kan vi sjå at casting påverkar budsjettet (sidan ei stor stjerne aukar dei forventa billettintektane), i andre høve er stjerna heile filmens raison d?être (ingen Rush Hour utan Jackie Chan!). Dette gjeld i filminstitusjonar som har sterkt lysande stjerner, noko ein vanskeleg kan seie om den norske. I andre filmar har det vore mindre viktig at den som fyller rolla er proff skodespelar enn at ho på andre måtar verkar autentisk. Ho kan sjå ut som rollefiguren sin eller på andre måtar passe inn. Sergej Eisenstein (som vi hugsar for mange bidrag til filmen) insisterte på at å bruke amatørar, og han kalte desse skodespelarane for typar. Ser vi element av dette i Salmer fra kjøkkenet, jamvel om skodespelarane i stor grad er profesjonelle? Tenk på om Kristoffer Joner eller Maria Bonnevie hadde glidd inn i filmen utan motstand. At dei neppe ville, har samanhang med deira persona (gresk for maske), som mellom anna omfattar rollene dei har spelt før og den offentlege framtoninga deira. Joner er til dømes brukande godt etablert som den unge nevrotiske kjederøykaren. Ein kan óg utforske spelestilen til dei vi ser i filmen, og prøve å drøfte med elevane korleis innspelinga har gått føre seg. Gjer dei mykje eller lite? Korleis rører dei seg og korleis framfører dei replikkane sine? Overspel? Underspel?

VAL AV SYNSVINKEL
Eit aspekt ved filmuttrykket er kva vekt ein vel å legge på ulike hendingar. Mykje av filmen dreier seg om daglegdagse gjeremål, observasjonen av desse og sabotasjen av observasjonen, men når Folke og Isak har utvikla venskapet sitt, er vi faktisk vitne til eit sjalusidrama. Grant er den forsmådde, og han går så langt som til drapsforsøk for å få att venen sin. Korleis ser vi først at Grant er sjalu (bursdagsselskapet)? Korleis er drapsforsøket filma? Legg merke til at scena i stor grad er filma frå innsida av Folkes campingvogn, slik at vi ser den lukkeleg uvitande Folke og ikkje den besluttsame og mordariske Grant. Kva hadde det gjort med filmens uttrykk om denne scena hadde vore skoten på anna vis? Kan ein tenkje seg at filmen hadde den same lune varmen om dette drapsforsøket hadde vore filma og vektlagt annleis? Forsøk å avgjere kor kameraet er plassert i filmen, om ein ser handlinga frå ein, fleire eller ingen av karakteranes synsvinkel, om filmen stort sett er komponert i nærbilete (ei innstiling der til dømes ein skodespelars andlet fyller lerettet), halvtotal- eller totalbilete (der eit ståande menneske nesten fyller bilethøgda), eller for den del andre grader av avstand mellom kameraet og objektet som vert filma. Står kameraet stort sett stille, eller er det i konstant rørsle? Prøv å sjå på kamerabruk i ulike typar film (Såpeoperaer er gjerne filma i nærbilete, i actionfilm er kameraet gjerme rastlaust).

Til sist: Det er ikkje vanskeleg å forstå at nokre unge menneske kan finne filmen keisam. Diskuter om ein har same oppfatning av filmen etter å ha delteke i samtalen etter filmen.


 

Filmstudieark

Forfatter:Knut Sigurd Senumstad
 

Fakta

Forfatter:Knut Sigurd Senumstad
 
 
 
 
 
Film & Kino Filmens Hus, Dronningens gate 16, Postboks 446 Sentrum, 0104 Oslo. Tlf: 22 47 45 00 / Faks: 22 47 46 99.