Filmweb
 
 

Uno

Dette filmstudiearket tilrettelegg for bruk av filmen Uno i mediefags- og norskundervisninga på vidaregåande skule.

HANDLINGA
Uno handlar om forhaldet mellom tre ungdommar, David (Aksel Hennie), Morten (Nicolai Cleve Broch) og Lars (Martin Skaug). Allereie i opninga vert dei kommande problema introduserte: På veg til treningsstudioet fortel Morten David om korleis han skal te seg når han treff Morten i selskap med jenter, og vel framme blir David sjokkert over at Lars viftar med ein pistol og driv med omsetting av stoffer på treningsstudioet. Det er Mortens umodne omgang med jenter og Lars? lemfeldige omgang med stoffet han skal selgje som kjem til å setje David i knipe.

David er ein fiksar, noko som blant anna faren til Lars, eigaren av treningsstudioet (Bjørn Floberg), set sin lit til. Sønen hans klarer ikkje å kome krava til pakistanaren Khuram (Amed Zeyan), som har kjøpt stoffet av, i møte, og David må difor forhandle med han. Same dag som Davids kreftsjuke far døyr på sjukehuset blir treningsstudioet ransaka av politiet, og dei tre ungdommane blir forhøyrde av politiet. Politiet vil ikkje la David gå for å sjå til faren sin, før han fortel kven som eig stoffet. Desperat sprekk David - og blir ein tystar. Dei andre vender ryggen til han, vil til og med banke han - og dei let Khuram forstå at skal han ha att pengane sine, så får han gå til David.

Bestevenen Morten har vendt David ryggen på nølande vis. Han vil ikkje snakke med han, men er heller ikkje med på å skulle banke han opp. Den dagen Lars treff på David og går til angrep på han og den mongloide broren hans (Espen Juul Kristiansen), vert han berre ståande å sjå på at David forsvarar seg vel og slår Lars i bakken. Dette får Lars og faren til å sjå på Morten som ein svikar óg. Så syner det seg at Morten har lurt seg til å liggje med søstera til Khuram. Khuram blir rasande og vil drepe Morten, som ikkje får hjelp nokon stad, og derfor til slutt vender seg til David att, som berre motstrebande tek i mot han.

Venskapen mellom gutane er no skjørt. Lars vil sjå David straffa og Khuram vil sjå Morten straffa. I ein spennande sluttscene vert dei to gutane David og Morten stengt inne i treningsstudioet med Khuram og venene hans utanfor. No har dei ikkje noko val lenger: Saman må dei ta straffen dei har gjort seg fortent til i dette miljøet. Eller?

FILMSKAPARANE
Uno er til ein stor del Aksel Hennies film. Han er regissør, manusforfattar og hovudrolleinnehavar. Men han har fått hjelp frå fotografen på filmen, John Andreas Andersen, som er co-regissør, og frå skodespelaren Nicolai Cleve Broch, som er med-manusforfattar. Aksel Hennie er fødd i 1975 og har ikkje regissert nokon film før. Sjølv om han som skodespelar har mykje filmerfaring med leiande rollar i filmar som Anolit (2003), Jonny Vang (2003) og Buddy (2003), så var det likevel kontroversielt at han skulle få støtte til sjølv å regissere ein langfilm. I følgje Karin Julsrud som støtta filmen i frå Norsk filmfonds side, så fekk han støtte fordi filmen var særs godt planlagt allereie tidleg i søknadsprosessen. Både manus, musikkval, det visuelle uttrykket til filmen og korleis filmen skulle spelast inn blei grundig presentert.

Å FORTELJE EI HISTORIE
Dette filmstudiearket tek for seg korleis historia i filmen er fortald, og gir forslag til oppgåver som elevane kan ta i bruk både for å få eit grep om filmen og for å få idéar til eigne forteljingar.

PITCH
* Når ein skal selgje idéen til ein film til investorar og filmfond, så er det naudsynt med ein god "pitch". Ein pitch er filmen i eit nøtteskall, eit samandrag av til dømes konflikta i filmen så fengande fortald at ein vil vite både kvifor konflikta oppstod og korleis det løyste seg. La elevane få prøve å pitche "Uno" og kår gjerne ein vinnar: Korleis ville du ha pitcha Uno . Du får ikkje bruke meir enn 25 ord!

PLANTING
* Uno fortel ei spanande og enkel historie. Eit grep som filmskaparane tek i bruk for å forankre historia i ei konkret røynd, er det som vert kalla "planting". Planting er å introdusere eller "plante" objekter tidleg i historia, gjerne så uskuldig som mogleg, og så la desse objekta få ein intrigedrivande rolle. I Uno er det venenes roting med jenter, dop og pistolar som vert introduserte tidleg i filmen, og seinare i filmen dukkar det dessutan opp ein hund som får ein sentral rolle. La elevene rekons1re plotet i filmen ved å ta utgangspunkt i desse fire "objekta": hunden, dopet, jenta og pistolane. Gjenfortel intriga i Uno . I kvar setning må du nemne anten ordet "jente", "pistol", "hund" eller "dop". Fins det sentrale ledd i intriga som du dermed ikkje har dekt? Lag deretter manuset til ein parodi på Uno ved å erstatte desse orda med andre ord, som til dømes: "barbiedukke", "banan", "elefant" og "kjærlighet på pinne". Les parodiane høgt for dei andre i klassen.

TYPAR/KARAKTERAR
* Uno må i mangt sjåast på som ein sjangerfilm. Dette kjem blant anna til uttrykk gjennom at personane i filmen er framstilte som "typar" i staden for "karakterar". Pakistanarane i filmen er til dømes framstilte så fordumsfullt at dei ikkje lenger er truverdige som pakistanarar - dei vert i staden "filmskurkar". Pakistanerjenta som Morten forfører vert knapt skildra som ein sjølvstendig skikkelse - ho er meir ein funksjon i intriga - "trøbbel". Davids far er på same måte berre døande - vi får ikkje noko inntrykk av kva slags forhald David hadde til faren, og det gir Davids far ein einaste funksjon i intriga - "grunn til at David må tyste". Diskutér med elevene om dei tre ungdomane i hovudrollane er typar eller karakterer: I kor stor grad vil du seie at Lars, Morten og David er statiske typar, og dermed lar seg erstatte med karakteristikkar som "den dumme, den feige og den sjølvstendige". I kor stor grad vil du seie at filmen syner konflikter og utvikling i personlegdomen til dei tre ungdomane? Kva for scener og konflikter måtte filmen ha inneheldt for at Lars, Morten og David skulle vore fullt utvikla som komplekse karakterar?

VEKSLANDE STEMNING
* Foto og lyssetting i filmen vekslar mellom scenar i dagslys - der Grønland, Oslo står fram som ein stort sett fredeleg stad for vener i prat med kvarandre, og innescenar, der miljøa verkar innelukka og trange, anten det er Davids frirom nede i kjellaren, soverommet han delar med broren, Khurams leilegheit oppdelt i fleire små rom eller fengselet der David blir forhøyrd. Talande for trusselen frå dei trange romma er scenen der David vegrar seg for å kome faren til Lars i møte. I mørkret, inne smuget ville eit balltre ha venta på han.

Det er heller ikkje tilfeldig at dei siste scenane i filmen speler seg ut i kveldmørkret. Tematisk sett kan ein hevde at mørkret lukker seg meir og meir om David - men ein skal heller ikkje sjå bort i frå at det lyset som skin på ansiktet til Aksel Hennies i store delar av filmen er med på å gjere historia mindre dyster og ikkje minst til å løfte David opp i lysskimmeret til ein martyr mot slutten. Lyssettinga av Aksel Hennie er ikkje berre for intriga si skuld, men kan og seiast å tene oppbygginga av Hennie som skodespelarstjerne - filmens lysande "image".

Eit anna grep som filmskaparane tek i bruk er å la kvar av dei syv dagane som handlinga utspeler seg få sin farge. Fargen er signalisert av spelekorta som innleier kvar dag, og filmbileta er sidan ?fargevaska? på laboratoriet slik at kvar dag får sin spesielle glød. Eksempel på dette er den blå ?einsemddagen? da David vert støytt ut av alle, og den grøne ?sykdomsdagen? da faren til David dør. Ein del av filmen er dessutan rødfarga, den dagen skjer mykje av valden i filmen.

Lys, mørke og fargebruk er altså avgjerande element for å skape stemning i filmen, men det same kan seiast om musikken i filmen. Filmmusikk er med på å underbyggje spenning i filmer, og kan óg i stor grad styre måten vi kjenslemessig les hovudpersonane på. I Uno blir musikk blant anna brukt for å karakterisere doplangaren Khuram, ved at han speler ein demoteip som han sjølv har laga. Diskutér med elevane musikkbruken i filmen: Kva seier musikken til Khuram om han som person? Vil du seie at musikken ellers i filmen karakteriser nokre personar (som til dømes David - finnes det ein musikk som karakteriserer David?)? Vil du seie at musikken er med på å gi historia ei lys eller mørk stemning? Kom gjerne med døme på dette.

FILMMELDING OG -KRITIKK
"Melding" og "kritikk" er to forskjellige sjangrar innanfor filmfaget. Ei melding vender seg i hovudsak til dei som ikkje har sett filmen enno, og tilrår eller frårår folk å sjå filmen. Ein kritikk vender seg til dei som har sett filmen og han er meir ute etter å drøfte og vurdere filmteknikkar og verdiar. Nettstaden www.mzoon.no gir innføring i det å skrive om film, og her kan elevar få publisert både meldingar og kritikkar. Redaktørane av nettstaden gir alle innkomne bidrag ei tilbakemelding. La elevane gjerne gå til nettstaden www.mzoon.no og la dei lese om filmkritikk under menyen "Kurs: Kulturjournalistikk". La dei deretter gjere ein av følgjande oppgåver og send gjerne svara inn til nettstaden.

La elevane skrive ei melding av filmen: Kva synes du om filmen Uno ? Skriv ei melding av filmen!

La elevane skrive ein kritikk av filmen der dei drøftar kva for sjanger filmen er: Kva for sjanger vil du seie at filmen Uno tilhøyrer? Begrunn valet både gjennom samanlikningar med andre filmar og gjennom drøfting av kva for kjensler filmen spelar på hos publikum.

La elevane skrive ein kritikk av verdisynet i filmen: Filmen Uno sluttar med biletet av ein smilande David. Kva for ein bodskap vil du seie at filmen formidlar, og kva synes du om denne bodskapen?


 

Filmstudieark

Forfatter:Per Terje Naalsund
 

Fakta

Forfatter:Per Terje Naalsund
 
 
 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen