I. Liv og forfattarskap
Halldis Moren Vesaas (1907-1995) var fødd og voks opp i Trysil. Faren var forfattaren Sven Moren, og miljøet i barndomsheimen bar preg av familiens sterke kulturelle og litterære interesser. Halldis Moren tok lærarskoleeksamen i Elverum i 1928 og arbeidde deretter ein periode som sekretær i Nasjonenes Forbund i Geneve. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas, og ekteparet busette seg på garden Midtbø i Vinje i Telemark. Seinare budde ho mykje i Oslo, der ho særleg arbeidde for Det Norske Teatret.
Alt 22 år gammal hadde ho debutert med diktsamlinga Harpe og dolk (1929). Seinare kom samlingane Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936), Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955). I 1957 kom Utvalde dikt, i 1965 lyrikkutvalet Ord over grind, og i 1977 gav ho ut Dikt i samling. Hennar åttande og siste diktsamling, Livshus, kom ut posthumt hausten 1995, same året som ho døydde.
Forfattarskapen omfattar også barne- og ungdomsbøker, romanen Hildegunn og novellesamlinga Så nær deg. Ho har gitt ut memoarbøker og biografiar med motiv både frå barndomsheimen og Midtbø, og har dessutan skrive ei mengd artiklar og foredrag, redigert utval, antologiar og tidsskrift. Særleg godt kjend vart ho for sine mange gjendiktingar av utanlandske klassikarar (m.a. Corneille, Racine, Shakespeare, Brecht) til nynorsk, med særleg tanke på teaterscena. Ho var i fleire år medlem av Norsk Kulturråd og Norsk Språkråd.
II. Poeten Halldis Moren Vesaas
Allereie debutboka Harpe og dolk signaliserer at unge Halldis er ein samansett og spennande forfattar, ein poet som lyttar intenst innover i seg sjølv på leiting etter dei mange ulike spenningsfelta som der finst. Og diktarspiren tala opent og rett fram om det ho fann og som fylte sinnet hennar. Ja, ofte så endeframt og ærleg at mange diktlesarar i norsk mellomkrigstid syntest frimodigheten var både dristig og imponerande, særleg når debutanten dvelte ved den erotiske kjærleiken og den naturgitte seksualiteten, sett frå ein så uventa og uvanleg synsvinkel som den kvinnelege.
Slik vart Halldis Moren Vesaas ein litterær pioner og opprørar og ei uredd talskvinne for retten til å eksponere alle sidene ved kvinners kjensleliv i poesien, også dei som hennar mannlege forfattarkolleger inntil då hadde hatt monopol på.
På andre måtar representerer lyrikken hennar hevdvunnen og solid tradisjon i det nynorske litterære landskapet. Ho skriv mest om dei nære og kvardagslege fenomena vi omgir oss med og er omgitt av. I klassiske og klare strofer fortel ho om den ungdommelege livsundringa, om oppvakninga til eit forpliktande vaksenliv, om gleda ved å verte mor og kjenne nærleik til avkommet, om opne grinder og stengde rom i høve til venner og ektemake. Men ho skriv også om den smertefulle erkjenninga av at det finst død og destruktive makter i tilværet, krigen er for eksempel eit stadig tilbakevendande motiv i Halldis Moren Vesaas si dikting.
Likevel er det kjærleiken og kjærleiksevna vår som er det overordna prinsippet i tolkinga hennar av menneskelivet, og det som i siste instans vert ei prøve på menneskeverd og livskvalitet, frå første til siste bok. Ho vil kanskje først og fremst gå inn i den norske litteraturhistoria som ein av våre finaste og varmaste kjærleiksdiktarar. Ikkje minst fordi kjærleiksomgrepet hos henne har fått ei så altomfattande tyding: Med si eiga livserfaring som bagasje bevegar ho seg over eit breitt spekter frå den erotiske rusen til dikt om medkjensle med og omsorg for andre. Dette er det berande hovudmotivet i diktsamlingane, og både i livet og poesien hennar dannar det ein full sirkel.
III. Arbeidsoppgåver til filmen
Elevane bør bli kjende med oppgåvene og eit utval dikt av Halldis Moren Vesaas før dei ser filmen. Det vil vere nyttig for dei å notere stikkord under filmvisinga.
1. Lag eit referat av Halldis Moren Vesaas' skildring av barndomsheimen i Trysil. Få fram det spesielle ved heimen.
2. Drøft kva påverknad farsfiguren kan ha hatt på hennar eiga utvikling. Blir tilhøvet illustrert nokon stad i diktinga hennar?
3. Gi ei skildring av utviklinga frå "dikting som leik" til "dikting på alvor".
4. Gjer greie for kvifor debutsamlinga av forskjellige årsaker vekte oppsikt.
5. Kva veit vi om forholdet mellom ektefellene og forfattarane Halldis Moren og Tarjei Vesaas i eit ekteskap der begge var berømte skribentar?
6. Gjer greie for korleis krigen på ulike måtar kom til å syne att i diktinga hennar.
7. Samanlikn kjærleiksdikt frå debutboka "Harpe og dolk" (1929) med tilsvarande i "Livshus" (1995) og peik på skilnader.
8. Filmen syner Halldis Moren Vesaas for det meste i nærbilde. Korleis verkar denne forma på oss som publikum? Blir det for nært, eller held dette betre på interessa?
9. Kva verknad har det på oss som filmpublikum at denne filmen er svært "stilleståande" i tradisjonell forstand? Lokalisér kameravinklane og bruken av nærbilde/avstandsbilde på hovudpersonen. Diskutér effektane.
10. Ta for deg bruken av stillbilde i filmen. Kva synest du om utvalet? Kunne du tenke deg fleire/færre/andre stillbilde? Grunngi svaret.
11. Kamera blir i nokre situasjonar retta mot publikum. I kva for situasjonar, og med kva effekt?