Filmweb
 
 

Papirfly

MÅLGRUPPE:
Filmen høver i skulesamanheng best for aldersgruppa 6-12 år, men han kan og visast i barnehagar dersom død/sorg/sakn er eit tema det er aktuelt å ta opp. Han fungerer og bra for vaksne som innleiing til ein samtale om det å snakka om døden med barn, eller som ei generell innleiing til ein samtale om temaet sorg, sakn.

TILKNYTING TIL FAG :
Kristendom m/livssyn, norsk, samfunnsfag, naturfag, heimkunnskap.

OM FILMEN:
6-åringane Jan og Joakim er bestevener i barnehagen.
Joakim lærer Jan å bretta papirfly. Dei leikar at dei kan senda brev til fuglane og til Gud.
Joakim blir sjuk og døyr. Jan saknar han svært, og lurer på kvar Joakim er. Han får ulike
svar. Filmen er basert på ei biletbok med same tittel.

TEMAET I FILMEN:
Filmen skildrar kva som skjer med ein 6 år gammal gut når den beste kameraten hans i barnehagen blir sjuk og døyr. Me får innblikk i dei tankane som rører seg hos han når han
saknar kameraten sin. Han spør stadig om kvar Joakim er no når han er død. Han får ulike svar av mora, førskulelæraren og bestemora. Filmen tek opp emne som vennskap, død,
sorg, sakn, sinne og undring. Filmen viser at barn har mange tankar omkring døden og at dei vaksne ofte har problem med å forklara døden for barn.

FØREARBEID:
Før filmen vert vist på dei lågaste klassetrinna, kan læraren gjerne orientera foreldra om kva tema filmen tek opp. Ein kan kanskje og visa han for foreldra på eit foreldremøte. Barna vil koma heim med mange spørmål aktualisert etter å ha sett filmen, og då er det
godt om foreldra veit kva han handlar om. Læraren kan og be det lokale biblioteket bestilla inn boka "Papirfly" slik at både elevane og foreldra kan lesa ho før eller etter dei
ser filmen.("Papirfly", Cappelen 1995)

SPØRSMÅL OG ARBEIDSOPPGÅVER TIL FILMEN:
  • For dei yngste elevane vil det vera aktuelt å bruka maling og teikning for å uttrykkja kjenslene sine etter å ha sett filmen. La elevane bretta eit papirfly og mala lyset t.d..
  • Snakk om kva dei trur at Jan tenkte då han sat oppe i flyet og kvifor Jan knuste biletet av Joakim? La elevane få fortelja kva dei gjer når dei blir veldig triste og leie seg.
  • Kanskje kan de som går i 3.klasse og oppover bruka handdokker og laga replikkar til eit lite opptrinn? Då kan de la dokkene seia noko av det de sjølve føler når de er triste og leie, eller noko av det de tenkjer på omkring å bli alvorleg sjuk.
  • Kva meiner du om mora, førskulelæraren og bestemora si forklaring på kvar Joakim er når han er død ? Kvifor trur du at dei forklarte det så ulikt?
  • Kva synest du om Jan som sykla avstad til kyrkja utan lov? Kvifor trur du han gjorde det?
  • Kanskje kan de laga eit rollespel om samtalen mellom kyrkjetenaren og Jan ?
  • Mal eit bilete medan du lyttar til musikken på filmen. Kva fargar får du lyst til å bruka då? De kan jo hengja opp bileta i klassen og diskutera kvifor dei er blitt ulike.
  • Jan sørgjer veldig over Joakim og han spør stadig: Kvar er Joakim ? Kan du laga eit dikt eller ei forteljing om SORG?
  • Nokre av dykk har kanskje mist ein de var glad i. De har gjerne og vore med i begravelsen. Kanskje kan de fortelja dei andre i klassen om dette. Heile klassen kan og ta ein tur på kyrkjegarden for å sjå på gravstøtter og besøkja gravkapellet.
  • Synest du at foreldra til Jan burde ha teke han med i gravferda til Joakim ?
  • Kvar dag står det dødsannonser i avisa. Studer nokre av desse. Korleis blir det å dø uttrykt på ulike måtar? Snakk saman om kvifor nokon skriv i dødsannonsen at dei ikkje
    ynskjer blomar heim eller kondolanse ved grava. Slå opp i ei framandordbok og sjå kva ordet kondolanse tyder.

    FILMKUNNSKAP (mest for dei litt eldre elevane)
  • Kva scenar likte du best i filmen? Kvifor?
  • I begynnelsen av filmen er både Jan og Joakim hovudpersonar, men når Joakim dør dreiar den ytre handlinga seg om Jan. Diskuter kvifor Joakim likevel blir ein viktig person i handlinga.
  • Historien er fortalt litt annleis i filmen enn i boka. Kvifor trur du at regissøren har valgt å gjera desse endringane i filmen i høve til forteljinga i boka.? Kva synest du om desse endringane?
  • Korleis er lyden brukt som filmatisk verkemiddel?
    Kva lydeffektar er brukt, og kva er verknaden av desse i dei ulike scenane?
  • Kva effekt har kameravinklar og biletutsnitt t.d. i begynnelsen av filmen og i slutten av filmen?
  • Korleis fungerer bruk av lys og fargar i filmen?
  • Kva synest du om tittelen på filmen.Kvifor trur du at regissøren har valgt denne tittelen?
    Kan du tenkja deg andre titlar som er like dekkande?
  • Symbol kan t.d. vera konkrete ting som peikar på noko utanfor seg sjølv. Kva er det viktigaste symbolet i denne filmen? Og kva kan det vera eit symbol på?


 

Filmstudieark

Klassetrinn: [1. - 4. trinn]
Fag: Norsk , Religion, livssyn og etikk
Tema:Helse og rus, Oppvekst/familie
 

Fakta

 
 
 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen