Filmweb
 
 

Fahrenheit 9/11

Filmen vann førstepremien, gullpalmen, ved Cannes-festivalen i 2004, i tillegg til FIPRESCI-prisen, som er prisen til filmkritikarane.

Filmen er ypperleg for bruk i mediefag og samfunnsfag i ungdomsskule og videregående skule. Dette studiearket gir bakgrunn for diskusjonar om korleis media framstiller politikk og nyheiter og det gir ei innføring i filmspråk og retorikk i filmen.

Filmen er satt saman av innsamla biletmateriale frå forskjellige kjelder ? frå dei store tv-selskapa sine nyheitssendingar til opptak frå lokal tv. Få av opptaka er blitt gjort kjende gjennom dei største tv-kanalane i USA eller i norske NRK og TV2. Men det er ikkje så mykje innslaga i seg sjølve som har overtydingskraft, som måten Moore set dei saman på og korleis han kommenterer dei på satirisk vis. I tillegg har produsentane spela inn mykje materiale med intervju av folk, der fagpersonar kritiserer Bushregjeringa og meir vanlege folk og soldatar fortel kjenslesterke historiar om korleis dei har det. Tonen i filmen vekslar med god effekt mellom satire som får tilskodarane til å ta avstand frå styringa av USA, og emosjonelt lada scener som får tilskodarane til å kjenne seg nær enkeltpersonar.

FILMSKAPAREN MICHAEL MOORE
Michael Moore (f. 1954) starta karrieren sin med dokumentarfilmen Roger and Me (1989) som handla om korleis eit av USAs største selskap, General Motors, gjorde heimbyen hans, Flint i Michigan, til ein spøkelsesby da dei la ned den lokale hjørnesteinsbedrifta. Han har hatt ansvaret for to tv-seriar, TV Nation og The Awful Truth ? begge satiriske program retta mot amerikansk politikk og veremåte. The Awful Truth er òg blitt synt på NRK. Han har òg skreve bøker, og har som forfattar hatt stor suksess med boka Downsize This!, om det amerikanske næringslivet, og den Bushkritiske Dumme hvite menn, før den forrige dokumentarfilmen hans, Bowling for Columbine (2002), vann Oscar for beste dokumentarfilm. Under Oscarutdelinga nytta han taletida si til å kritisere George W. Bush, blant anna med å rope ?Shame on you, president Bush!?.

I USA er Michael Moore ein person som splittar folket. Både tv-seriar og bøker har møtt ein del motstand. The Awful Truth blei difor finansiert av ein engelsk tv-kanal. Bøkene hans er blitt forsøkt boikotta både av bokhandlarkjeder og bibliotek. Under Cannes-festivalen i 2004 ga Moore òg inntrykk av at Fahrenheit 9/11 blei forsøkt boikotta. I alle høve ville ikkje Disneyselskapet, som hadde distribusjonsrettane til filmen, sette den opp på kino. Samstundes kan ein ikkje sjå bort i frå at dette er ein del av myteoppbygginga til Michael Moore, og at usemja med Disney heller botnar i at dei ikkje kunne bli samde om kontrakten.

Michael Moore nyttar tv-seriane og filmane sine hovedsakeleg til å angripe maktpersonar og delvis gjere hverdagsmenneske medvitne om rettane deira. Han er i hovudsak ein politisk satirikar ? og ikkje ein politisk aktivist som bidreg til endringer. Med Fahrenheit 9/11 har han likevel innrømma å ha intensjonar om å bidra til at George W. Bush ikkje skal bli gjenvalt ved presidentvalet i USA hausten 2004. Taktikken med å gjere narr av maktpersonar har i alle høve vist seg å vere ein god formel for å nå eit stort publikum. Fahrenheit 9/11 har vist seg å bli ein stor publikumssuksess i USA. Han blei sett av flest publikum av alle filmar helga han åpna på kino i USA, og han slo den tidligare inntekstrekorden til ein dokumentarfilm, hans eigen Bowling for Columbine, på tre dager.

Fahrenheit 9/11 er, ikkje minst i USA, ein omstridt film. Søkjer ein på nettet, kan ein finne fleire nettstader som er vigd kritikk av Michael Moore og filmane hans. Michael Moore har jamvel sjølv oppretta ein nettstad som overvåkar all kritikk av han og svarar på han. Dei mest kjente nettstadene som er kritiske til Moore er: http://moorewatch.com (som reklamerer med at dei overvåker alt Moore gjer) og http://www.moorelies.com. Moores eigen nettstad heiter http://www.michaelmoore.com. Ein interessant ? og noko vrangvillig artikkel om Fahrenheit 9/11 er Kelton Rhoads ?Propaganda Tactics and Fahrenheit 9/11? som går gjennom filmen med det for å auge å syne kva for presentasjonstaktikkar Moore nyttar i filmen. Artikkelen finn du her: http://www.workingpsychology.com/fahrenheit.html (men sist eg forsøkte å laste den ned, fekk eg feilmelding). Det finns og ein norsk nettstad med kritikk av Fahrenheit 9/11 på adressa: http://www.monticello.no/aktuelt/moore911.html.

KRITIKK AV NYHEITSBILETET
Fahrenheit 9/11 er på eit vis ei alternativ nyheitssending. Den er meir lik gamle dagers filmavis, med ei rekke forskjellige innslag i ulike sjangre. Materialet filmen presenterer er henta frå forskjellige kjelder, og er slikt som dei største og mest kommersielle tv-selskapa ikkje legg særleg vekt på. Det er likevel ikkje så mykje innhaldet i innslaga som gjer inntrykk, men det at filmen ulikt nyheitssendingar skaper ein tematisk samanhang mellom innslaga og presenterer urovekkande konsekvensar av styringsmaktenens avgjerder, som ellers i nyheitsbiletet ofte framstår som suverene og naudsynte. Den vidgjetne, franske filmskaparen Jean-Luc Godard har sagt at ?i ei verd der vi blir underheldt fra krybba til grava enten vi liker det eller ikkje, kan det å kunne omskape bilete og dialog, lys og lyd vere nøkkelen til mental og politisk helse.? Montasjen til Moore kan sjåast på som ein slik personleg rekonstruksjon av bileta rundt oss ? til ein eigen sterk visjon av korleis det er.

Filmen gir inntrykk av korleis Bushfamiliens økonomi er bunde opp i olje- og våpenhandel og syner oss korleis krigsføring og profittskaping heng saman. Han syner korleis ungdom vert lokka til å bli soldater og dei personlege lidingane som følgjer av å vere soldat. Ikkje minst syner filmen avstanden mellom dei som tek avgjerder og dei som utfører dei og dei som det går utover, slik som når filmen klippar forsvarsminister Donald Rumsfeldts forsikring om at krigen vil gå føre seg på omsorgsfullt og menneskeleg vis saman med intervju av soldatar som fortel om korleis dei kjører tanks med musikk på full styrke, skyt på det som rører seg og set byar i brann.

  • Dersom ein samanliknar Fahrenheit 9/11 med nyheitssendingane på tv her i Noreg, eller korleis avisane fortel om politikk, kva vil du seie at skillnadane mellom dei er? På kva måte synes du filmen og nyheitsendingar kjem oss i møte som politiske menneske?

    BILETET AV GEORGE W. BUSH I MEDIA
    Filmen kan òg sjåast på som eit motinnlegg til måten George W. Bush pleier mediebiletet sitt i det amerikanske samfunnet. Michael Moore veljar ut korte sekvensar der Bush ikke er i kontroll over situasjonen, men troleg også sekvensar der det Bush seier ville gjort godt inntrykk om vi hadde fått sett heile scenen. Bush vert framstilt som handlingslamma da han får vite om angrepet på World Trade Center, han verker vere meir interessert i golf enn i kampen mot terrorisme og han går til krig mot Afghanistan som om han var med i ein cowboyserie på tv.

    Bush seier knapt ei full setning i filmen, men er likevel klipt inn med tilsynelatande reaksjonar og kommentarar. Det at Moore har kontroll over lydsporet i filmen og utvalet av bilete, skaper eit bilete av Bush og administrasjonen hans som unnfallande, løgnaktige og ikkje til å stole på. Når Moore spør på retorisk vis om det ikkje er meir sannsynleg at Bush er oppteken av at Saudi-Araberane held fram med å støtte selskapa som han eller familien har interesser i, enn at USA skal vere eit trygt land, får ikkje Bush svare på angrepet. Inntrykket vi sit att med, er at makthavarane ikkje vil møte kritikken og ikkje vil seie oss sanninga.

    Det samme retorikken gjer seg gjeldane i opningssekvensen av filmen, der valet i Florida blir presentert. Moore spør om det heile ikkje berre var ein draum, og syner deretter kor umogleg det var å få vite sanninga om valet. Ikkje ein einaste senator ville støtte kravet til afro-ameriknarane om gransking av valet, og dermed blei Bush innsatt som president utan at ein kunne vere overtydd om at det ikkje vart fuska. På samme måte får ein inntrykk av at den hastige avreisa til Saudi-Arabarane fra USA to dagar etter terrorangrepet 11. september, bidro til at sanninga bak angrepet ikkje vil bli oppklart. Ikkje minst fordi Bush seier at han ikkje vil vitne for nokon granskningskommisjon.

  • I kva for høve tek statsledarar (som George W. Bush) tv-opptredenar i bruk? Kva slags rolle spelar tv og andre biletmedia i statsmannskunsten i dag? Korleis opptrer Bush når han veit han vert filma, og korleis framfører han bodskapen sin? Skillnaden mellom Bush i denne filmen og Bush i nyheitene er ganske stor, kor troverdig synes du Bush er når han opptrer på tv?

    OM KLIPPING OG INTERVJUER
    I samband med premieren på Fahrenheit 9/11 i USA, stilte Michael Moore opp i eit tv-show leda av den konservative talk show-verten Bill O?Reilly for tv-kanalen Fox. Moore stilte da to vilkår for å vere med. Det eine var at for kvar gong O?Reilly stilte Moore eit spørsmål, måtte O?Reilly svare på eit spørsmål frå Moore. Det andre vilkåret var at opptaket ikkje skulle bli klipt før sending. Det finns informasjon om denne sendinga på nettet, hvis ein berre søker etter ho med stikkorda ?O?Reilly? og ?Michael Moore?.

  • Korleis er det med klipping og samtalar i Michael Moores eigen film? Diskutér kva ein kan oppnå i media dersom ein stiller slike krav som Moore gjorde. Kva slags program ville bli vanskeleg å gjennomføre dersom intervjuobjekta får like stor makt som intervjuaren? Korleis kunne Fahrenheit 9/11 ha sett ut om Moore måtte ha heldt seg til desse vilkåra?

  • Ein scene som Michael Moore har fått kritikk for, er den kor han spør medlemmer av kongressen om dei vil sende barna sine til Irak for å kjempe. Ein av dei ser inn i kamera på ein merkeleg måte, men seier ikkje noko. I røynda skal han ha svart Moore at ?han har ein nevø på veg til Afghanistan?, men dette klipte Moore vekk med den grunngjevinga at kongressmedlemmet ikkje svara på spørsmålet hans. Kva synes du om dette?

    DEN SATIRISKE TONEN OG AVSTANDSTAKING
    Den satiriske tonen som Moores gjer bruk av i kommentarane sine på lydsporet, er eit retorisk knep som får tilskodarane til å ta avstand frå det som blir latterleggjord og samstundes til å kjenne seg samd med Moore. Noko som kjenneteiknar denne måten å kommunisere på er at verten eller filmskaparen set objektet for undersøking inn i nye samanhengar ved hjelp av klipp til andre scenar eller kommentarer på lydsporet. Med det oppnår filmskaparane å gje inntrykk av at objektet ikkje heng med i vår måte å se verda på.

    Det mest openberre eksempel på dette i Fahrenheit 9/11 er kan hende der USAs forsvarsminister Donald Rumsfeldt fortel om korleis USA går fram i krigføringa si mot Irak. I denne sekvensen fortel Rumsfeldt først om kor nøye krigsstyrkene er med å treffe dei riktige måla for bombene og våpenilden. Så syner Moore skadde sivile irakarar, før Rumsfeldt får halde fram med å seie at krigsstyrkane går fram med ?omsorg og på ein menneskeleg måte?. Effekten på tilskodarane er av vi tek avstand frå objektet ? vi tek altså avstand frå Donald Rumsfeldt, og vi tek avstand frå den amerikanske krigføringa. Samstundes kjenner vi oss samde med Moore, enda vi truleg ikkje kan artikulere kva vi er samde med han i. Men denne avstandstakinga, kva leder den til? Når Moore syner at politikarane lyg, at dei fører folk bak lyset og er dumme ? korleis skal det få tilskodarane til å engasjere seg i politikk ? og ikkje til å ta avstand frå politikken? Korleis skulle ein kommunisere for å få dette til?

  • Tenk ut ein strategi for ein dokumentarfilm om amerikansk eller norsk utanrikspolitikk der politisk engasjement og ikkje avstandstaking til politikken er målet. Diskutér om det er gjennomførleg ? og om publikum ville vore interessert i denne dokumentarfilmen.

    Å SPELE PÅ KJENSLER
    Når Moore ikkje er satirisk, speler han gjerne på publikums kjensler. Eit døme på dette er korleis han framstiller angrepet på World Trade Center. Han syner oss ikkje hendinga slik vi har sett ho ein rekke gongar. I staden syner han oss berre det svarte lerretet og let oss sjå for oss hendinga sjølv mens ein lydmontasje av hendinga og reaksjonane til dei som stod i nærleiken blir spela av. Så syner han gråtande menneske. Fokuset er altså ikkje på ugjerningsmennene, men på dei etterlatte og vitnene. Når han så skal vise kven som kan ha stått bak angrepet, vier han mykje meir tid og bilete på Bushfamilien og Saudi-Arabiske forretningsmenn enn på Osama Bin-Laden og Al Qaida. Effekten av dette vert at vi får eit visuelt inntrykk av at Bush har skylda for angrepet.

    Eit anna tydeleg døme er sekvensen der han følgjer Lila Lipscomb, og let ho seie at ho tidlegare trudde på verdien av krigføringa til Bush, mens ho no etter at sønen hennar er drept i teneste, har funne ut at ein veit så lite om korleis det verkeleg er og at ho kjenner seg førd bak lyset. Også Lipscomb græt på lerretet. Det retoriske grepet til Moore her er å forbinde kjensler med politiske oppfatningar. Han får dei langt fleste av oss til å sympatisere med Lipscombs kjensler i håp om at det også skal få oss til å sympatisere med oppfatningane hennar, som på ingen måte blir presentert for oss på sakleg vis.

  • Å spele på kjensler er ein mykje brukt retorisk strategi i media for tida. Spesielt biletmediene har lett for å gjengi kjensler i staden for argumentasjon og innsikter. Spesielt underhaldningsprogram er oppteken av personar som kan fortelje historier som gjer oss rørde, eller som opptrer på ein slik måte at vi blir interesserte i personlegdomen deira. Kva er det for noko med biletmediet som gjer at fokus på person og kjensler har så stor appell til tilskodarane? Kva vil du seie er skillnaden på biletmedia og ordenes evne til å spele på kjensler?

    KVA SLAGS VERKEMIDDEL TEK FAHRENHEIT 9/11 I BRUK?
    Den danske filmskaparen Lars von Trier har nedteikna 9 reglar for dokumentarfilmar med det mål å bringe dokumentarfilmen attende til røyndommen. Reglane blir kalla for Dogumentary-manifestet, og vil liggje til grunn for ein serie med filmar frå produksjonsselskapet som han er medeiger i, Zentropa.

    Her er reglane hans:
    1. Location for alle takingane i filmen skal gå klart fram. (Dette gjer ein med ein tekst som ein set inn i bildet, og som dermed utgjer eit unntak frå regel nummer 5.)
    2. Først i filmen kjem forklåringa til instruktøren om mål og idé med filmen. (Alle som er med i filmen, skal altså få forklaringa før dei blir med på opptak.)
    3. Slutten av filmen består av minimum to minutt fri taletid for ?offeret? i filmen. ?Offeret? rår åleine over innhaldet og skal godkjenne denne delen av den ferdige filmen.
    4. Alle klipp skal markerast med overgang til svart (med mindre dei ikkje er klipp i tid)
    5. Manipulasjonar med lyd og bilete må ikkje skje. Filtreringar, lyssetjingar, optiske effektar og liknande er forbodne.
    6. Lyden må aldri produserast separat frå biletet eller omvendt. Det vil seie at ekstra lydspor som til dømes musikk eller tale ikkje må miksast inn seinare.
    7. Rekonstruksjon av handling og instruksjon av medverkande må ikkje skje, og scenografi (tilførte element) er også forboden.
    8. All bruk av skjult kamera er forboden.
    9. Det må ikkje brukast arkivbilete eller opptak som er laga for andre program.

  • Kommenter korleis filmspråket i Michael Moores Fahrenheit 9/11 skil seg frå desse reglene.

  • Ein av kommentatorane til Michael Moores film meiner at filmsekvensen av irakiske barn som leiker med draker i lufta og folk som smiler på gatane, med klipp til amerikanske bomber som fell over Bagdad, er totalt løgnaktig - ?utterly propagandistic?. (Christopher Hitchens, "Unfairenheit 9/11" - den finns tilgjengeleg på nettet.) Grunnen til dette er at Michael Moore let barn og fredelege folk framstå som målet for bombene, og ikkje regimet i Irak. Tilskodarar som ikkje veit noko om Irak, får i filmen til Michael Moore ingen informasjon om kva amerikanarane prøvde å treffe med bombene sine og kven dei var ute etter. Men filmen syner seinare nokon av dei som blei trefte ? anten som lik under nedbomba hus eller på sjukehus med store skader. Kva synes du om dette?

  • Korleis ville denne sekvensen ha blitt sjåande ut dersom Fahrenheit 9/11 var ein ?Dogumentar?? Ville effekten av sekvensen vært den same?


 

Filmstudieark

Forfatter:Per Terje Naalsund
Klassetrinn: [8. - 9. trinn, 10. trinn, Videregående]
Fag: Engelsk , Mediefag , Norsk , Samfunnsfag
Tema:Historie, Konflikt/krig og menneskerettigheter, Politikk og samfunn
 

Fakta

Forfatter:Per Terje Naalsund
 
 
 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen