Filmweb
 
 

Isslottet

Handlingsreferat
Dei to elleveårige jentene Siss og Unn vert sterkt knytt til kvarandre. Ein kveld åpnar dei to seg for kvarandre sine kjensler og oppnår ein særskild kontakt. Dagen etter går den kjenslevare Unn seg vill inne i ein enorm isfoss og blir aldri funnen att. Dette går sterkt inn på Siss og ho er i ferd med å bukke under i isolasjon og desperasjon. Ho får hjelp av dei andre i bygdesamfunnet til å finne seg sjølv att, og vert på den måten berga.

Venskap
  • Filmen legg stor vekt på å føre oss inn i ei kjenslevar stemning. Kvifor trur du regissøren ønskjer å gjere det? Kva har denne stemninga å seie for din oppleving av personane?
  • Kva slags typar er Siss og Unn opprinneleg? Prøv og peik på nokre omstende som verker inn på deira veremåtar. Korleis vert bandet mellom Siss og Unn framstilt i filmen? Kva er det eigentleg som bind dei saman?
  • Unn er eit barn som er født utenfor ekteskap. Korleis var dei sosiale reaksjonane overfor slike barn tidlegare?
  • Beskriv Siss sin reaksjon på at Unn vert borte. Kva skjer med henne i høve til omgivnadene? Gi døme på scener som viser korleis hun endrar seg. Kva trur du er grunnen til at dette skjer? Korleis vert hennar utvikling skildra mot slutten?
  • Samanhengen mellom menneskelig isolasjon og død i motsetning til fellesskap og liv er ofte karakterisert som eit sentralt tema i Vesaas sitt forfattarskap. Dette spelar ei viktig rolle i Is-slottet óg. Korleis vert dette temaet fokusert i filmen? Gi ein tolking av lagnaden til Unn og Siss ut frå denne tematikken. Er det viktige skilnader i boka og filmen sin måte å handsame temaet på? Grunngje svaret.

    Natursymbol
  • Naturen spelar ei overordna rolle både i romanen og filmen. Naturen vert brukt til å beskrive både personene sjølve og relasjonen dei imellom.
    Isen er det gjennomgåande motivet. Korleis er sjølve is-slottet framstilt visuelt? Kva slags symbolske tydingar vil du seie at is-slottet er berar av? Korleis kan dei ulike samanhengane is vert framstilt på elles i filmen ha noko å seia for tydinga av is-slottet? Samanlikn to scenar der isen kan seiast å ha ulik tyding.
  • Kva slags tyding gir skiftinga av årstid i filmen? Kva kjenneteiknar landskapet du ser i sluttbilete?

    Filmatiske verkemiddel
  • Kommenter regissøren si skildring av forholdet mellom dei to jentene gjennom kameraperspektiv, biletutsnitt og biletkomposisjon. Ta utgangspunkt i den sentrale scenen frå heimen til Unn.
  • Korleis vekslar bruken av nærbilete og oversiktsbilete i filmen? Kva seier dette om relasjonen mellom jentene og omgivnadene?
  • Korleis vil du beskrive forteljarrytmen i filmen? Samanlikn med andre filmer som handlar om tenåringer. Kvifor trur du denne filmen har den rytmen den har?
  • Filmen er halden i ein gjennomgåanda mørkeblå fargetone. Kva trur du den skal seie om personane og forholdet mellom dei?
  • Lydbruk og musikk er aktivt tatt i bruk for å karakterisere personane og miljøet. Vel deg ut ei scene og beskriv korleis disse verkemidla fungerer.


 

Filmstudieark

Klassetrinn: [Videregående]
Fag: Norsk
Tema:Litteratur på film, Oppvekst/familie
 

Fakta

 
 
 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen