Filmweb
 
 

Dei svarte hestane

Handlingsreferat
Ambros Førnes eig to store garder og driv ein skyss-stasjon. Han er lidenskapeleg oppteken av hestar; ein interesse dei fire barna hans har arva. Etter kvart fyller hestane livet hans meir og meir, fordi kona hans i det andre ekteskapet, Lisle, ikkje greier å elske han slik som han elsker henne. Det kjem til eit kraftig oppgjer på garden når Lisle si gamle elskede, Bjørnskinn, kjem til bygda. Familien er i ferd med å gå i oppløysing, noko som særleg får konsekvensar for Kjell, den lille sonen til Ambros og Lisle. Han kjem i ein sterk lojalitetskonflikt mellom foreldra og får store vanskar med å forholde seg til dei.

Familierelasjonar
  • Gi ei kort skildring av korleis Ambros Førnes vert framstilt i filmen. Gi døme på eit par scenar der hans ulike veremåtar kjem til uttrykk. Korleis vert utviklinga på garden skildra og kva er den utløysande faktoren for endringane av tilhøva der?
  • Guten Kjell spelar ei sentral rolle i filmen. Kva slags forhold har han til foreldra sine? Gi døme på scener der dette forholdet kjem tydeleg til uttrykk. Korleis vil du skildre Kjells utvekling i løpet av filmen? Kva skjer i sluttscenen?
  • Korleis vert Kjell framstilt i filmen? Sammenlikn med boka. Spelar han ei anna rolle her?
    I kva grad vert Kjell framstilt som eit offer for ytre hendingar, og i kva grad vert han framstilt som ein vi opplevar desse hendingane gjennom? Grunngje svaret.

    Livet på ein storgard
  • Korleis vert livet på storgarden Førnes framstilt i filmen? Kva er dei daglege gjeremåla på garden? Tykkjer du dette er ei truverdig framstilling?
  • Kva slags stilling har Ambros i bygda? Trur du han har denne posisjonen hovudsakeleg i kraft av å vere storbonde eller som følgje av sin personlege karakter. Grunngje svaret.
  • Samanlikn med framstillinga av livet på ein smågard slik det vert framstilt i Laurdagskveld. Er det store skilnader her?

    Hestemotivet
  • Hestane speler ei avgjerande rolle i filmen. Førnes er ein skyss-stasjon og folket på garden lever av hesteferdsel. Beskriv forholdet Ambros, Lisle og Kjell har til hestar.
  • Ved siden av det faktiske verdet hestane har på garden kan ein óg seie at dei får ei symbolsk tyding i filmen. Gi døme på scenar der dei er eit bilete på livstrugande kreftar og scenar der dei tvert om står for livsoppbyggelege kreftar? Kvifor trur du forfattar og regissør har valgt å la hestane representere både mørke og ljose kreftar?

    Filmkunnskap
  • Filmen legg mykje vekt på dramatiske hendingar. Kva slags verkemiddel vert brukt for å skapa dramatikk i til dømes scenen der Ambros forsøker å nå igjen Lisle og vesle Mabb? (Sjå på kameraføring, klipping, musikkbruk osb.)
  • Korleis er hestane brukt i oppbyggingen av dei dramatiske scenane i filmen? Korleis er det nære forholdet mellom Ambros og hestane framstilt reint visuelt?
  • I kva grad meiner du regissøren har lagt vekt på korleis hendingane verker inn på personane?
    Gi døme frå filmen som underbyggjer ditt syn.
  • Melodramaet er ein sjanger innan film og teater. Kva kjenneteiknar denne sjangeren? I kva grad meiner du filmen kan seiast å høre inn under denne sjangernemninga?
  • Musikken spelar ei viktig rolle i filmen. Korleis vert den brukt som verkemiddel?
  • Filmen vart laga i 1951. På kva slags måte meiner du dette har påverka stilistisk og tematisk innfallsvinkel? Kjenner du til andre norske filmar frå denne tida? Kva kjenneteiknar dei?


 

Filmstudieark

Klassetrinn: [10. trinn, Videregående]
Fag: Mediefag , Norsk , Samfunnsfag
Tema:Historie, Kunst, Oppvekst/familie
 

Fakta

 
 
 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen