Filmweb
 
 

Det rare / 21 år

Filmen anbefales til bruk i den videregåande skulen, innafor faget norsk.

Aktuelle tema:
Tilnærming mellom kjønna, erotikk, det typisk norske

Handlingsreferat
To brør er bufaste på ein avsides gard. Dit kjem den fagre jenta Hild for å arbeide i skurden. Ein stille kamp mellom brørne byrjar. Kven vågar det avgjerande steget? Kvenn vinn hennar gunst?

Tema
For regissør René Bjerke er det særs viktig å formulere kva det er ein vil fortelje i ein film. I 21 år har han sagt at han vil fortelje om to ulike måter å nærme seg kvinna på.
  • Er du samd i denne formuleringa?
    Kva for "to måtar" er det René Bjerke syner oss at dei to gutane nærmer seg kvinna på?

    Miljø og tidskoloritt
    I 21 år er det som om regissøren har lessa på med alt det vi knytter til det rotnorske. Det er som ein kjenner seg tilbake til nasjonalromantikken. Nokon har difor hevda at denne filmen er eksotisk, der sjølv den rotnorske togna blir spanande.
  • Diskutér utsegna: "21 år er ein eksotisk film." For eventuelt kven?
  • Vil du seie at filmen er humoristisk. Grunngje svaret.
  • Gi døme på tidskoloritten med omsyn til person- og miljøskildring, både på lyd- og biletsida. Finst her eventuelle brot?
  • Kunne temaet ha blitt teken vare på dersom historia hadde blitt lagt meir opp til eit miljø frå idag?

    Erotikk
    Dei erotiske undertonane kjem tydeleg fram i filmen. Sensualiteten ligg i den modne, sprengferdige åkeren som ungdomane skjer korn i, men óg i dei ørsmå gestene. Til dømes ber Hild eit skaut for å halde håret vekk medan ho arbeider i kornåkeren. Etter at ho har avtalt stemnemøte med broren som sigrar i kampen om ho, går ho ned til den store steinen der dei skal møtast. Før han kjem, tar ho av seg skautet. Med denne handlinga bùr ho seg til å møte han.
  • Finst det andre døme på erotiske undertonar i filmen?
  • Kva tyder tittelen på filmen?
  • Kva meiner guten med den siste replikken til Hild: "Du kjem ikkje på slump."?

    Synsvinkel
    I novella 21 år nyttar forfattarren eg-synsvinkel. Subjektivt kamera, eit av filmmediets verkemiddel til å ta vare på eg-synsvinkelen, er ikkje brukt i særleg grad. Likevel opplever vi at historia blir fortald gjennom den eine broren. Sidekarakterene - faren, mora og jenta Hild, dom brørne slosst om å vinne - er gjort meir utydelege. Men i følgje regissøren gjør dettte filmen reinare med tanke på temaet.
  • Diskutér synsvinkelbruken i filmen.
    Gje døme på når han er hos den eine broren og skiftar til den andre.
  • Er synsvinkelen nokon gang hos dei andre personane?
  • Korleis får regissøren fram personalsynsvinkel? Allvitande?

    Forteljarstil
    21 år er blitt ein film utan mange replikkar. Vi kan seie at filmen taler mest gjennom det som ikkje blir sagt. Bileta fortel sjølve, i dei er det nerve nok til å bere historia.
    Forteljarstilen til Bjerke er dvelande, han nytter det vi kaller lange innstillingar. Ved å halde på scenene slik, vil han kanskje at vi skal skape vår eiga forteljing i bileta, at vi skal sjå etter andre ting enn dei vi straks ser. Eit døme på dette er dei ulike måltida personane har gjennom forløpet. Etter som dialogen er sparsam og Bjerke held bileta lenge, legg vi merke til kommunikasjonen som ligg i underteksten: Far tek først av matfatet, dernest gutane. Ein gest vis à vis Hild er at den eine guten svingjer sleiva over i hennar retning før han sjølv forsyner seg.
    At gutane også vekslar på kor dei sit rundt bordet under dei ulike måltida, understrekar kven av dei som til einkvar tid kjenner at han har styringa på Hild. Den som har overtaket ute i åkeren før måltidet, sit ved sida av henne i det påfølgjande måltidet.
    Slik får ei rekje element i filmen ein symbolsk funksjon.
  • Gje andre døme på symbolbruk i filmen, til dømes med omsyn tl biletkomposisjon, lys/mørke og lydkulissar.

    Frå bok til film
  • Les novella. Vurdér atmosfæren og tematikken du les ut av Vesaas sin tekst mot Bjerkes film.
  • Smanlikn filmens og novellas komposisjon. Kva slags verknad får det på deg at filmen og novella er komponert ulikt?


 

Filmstudieark

Forfatter:Kari Ronge
 

Fakta

Forfatter:Kari Ronge
 
 
 
 
 
Film & Kino Filmens Hus, Dronningens gate 16, Postboks 446 Sentrum, 0104 Oslo. Tlf: 22 47 45 00 / Faks: 22 47 46 99.