The Lady
HISTORISK BAKGRUNN: BURMA
Området som i dag kallast Burma eller Myanmar har blitt kalt “Asias riskorg” på grunn av sine mange og store naturressursar. I dag er det likevel eit av dei fattigaste landa i verda. Området husa mange ulike folkegrupper, og vart første gonge sameint til eitt rike rundt 1070. Rundt 1300 gjekk det i oppløysing grunna erobringar og krigøring, og mellom 1300 og 1850-talet var området inndelt i stadig ulike småkongedømmer som kriga mot kvarandre meir eller mindre kontinuerleg.
Ved starten va 1800-talet hadde Britane kolonisert India, og såg seg austover. Det tok tre krigar og nestan 60 år, men til slutt var storparten av det vi i dag kjenner som Burma innlemma i British India. I løpet av tiåra som fulgte vaks det fram ei burmesisk frigjeringsrørsle, og dei nytta alliansepolitikken under andre verdskrigen til å forhandle fram ei avtale om uavhengigheit for Burma. Sentralt i forhandlingane sto Aung San, generalen som seinare fekk stempelet som den store frigjeringshelten. Eitt sentralt tema i forhandlingane og seinare styringa av landet, var motsetnadene mellom ulike etniske grupper. Etniske minoriteter som opp gjennom historia hadde blitt sett som slavefolk av dei dominerande burmanarane, krevde no sjølvstyre. Ein av styrkene til Aung San seiast å vera hans evne til å forhandle med desse gruppene. Aung San opplevde aldri Burma sitt sjølvstende – han vart skoten eit halvt år før avtala med britane vart underskriven 4. januar 1948.
Maktkampen i den ferske staten førte til at militæret kuppa makta i 1962. Dei styrte landet med jernhand og ein politikk som gjekk ut på å isolere landet frå resten av verda. Det gjekk hard utover økonomien, og det var dei elendige levekåra for folk flest som førte til at studentar og munkar begynte å demonstrere i gatene i 1988. Militæret svarte med kuler, og ein trur at fleire tusen vart drepne, sjølv om dei offisielle tala er langt lågare. Men samtidig som general Ne Win gjekk av og det vart tillete å stifte politiske parti, vart militærjuntaen kalla “State Law and Order Restoration Council” (SLORC) oppretta, og fungerte som politi og militære på ein gong.
Aung San Suu Kyi, dotter av Aung San, som hadde budd i Storbritannia heile sitt vaksne liv, kom på denne tida til Burma. Ho vart raskt involvert i demokratirørsla, og vart like raskt sett i husarrest. Då partiet hennar, National League for Democracy (NLD) vann valet i 1990 med 392 mandat i parlamentet (mot militærets 93), ignorerte generalane resultatet.
Militærjuntaen heldt stadig landet i eit jerngrep og kontrollerte folket med overvåking, tvangsarbeid og elendige økonomiske forhold. Det var straffbart å snakke om politikk eller å drive med politisk arbeid. For dei etniske minoritetene i nord og aust var det kanskje enno verre. Fleire av gruppene har vore i meir eller mindre konstant krig med juntaen sidan 1948, ein krig som har vore usedvanleg blodig og brutal. Valdtekt blir systematisk brukt som våpen, krigsfangar blir brukt som mineleitarar og til tvangsarbeid, og tortur er utbreidt. Det hjalp lite at SLORC i 1997 skifta namn til State Peace and Development Council (SPDC) – det var framleis den samma organisasjonen.
I 2005 vedtok juntaen ei storstilt flytting av hovudstaden Rangoon til Naypyidaw, lenger inne i landet. Det spekulerast i at det var frykt for invasjon eller opprør som førte til denne plutselege operasjonen. Då munkar og etter kvart store folkemasser igjen tok til gatene i 2007 i den såkalla Safranrevolusjonen, sto regimet igjen ned på demonstrasjonane på brutalt vis, men omverda veit lite om kva som skjedde, då utanlandske media var holdt bortimot fråverande.
Internasjonalt har Burma henta støtte hos Kina og Russland, og fleire forsøk på å diskutere landet i FN har ikkje ført fram grunna desse landa sin vetorett. Vestlege land har lenge boikotta handel med Burma. Regimet har utvikla ein raffinert teknikk der dei kjem med stadige fremstøt og retoriske utspel som tydar på at dei ønsker ei demokratisering, samtidig som dei fengslar politisk opposisjonelle og held kontrollen av folket på eit maksimumsnivå.
Den siste tida har utviklinga blitt tolka av mange som at regimet ønsker demokratisering. I 2010 vart militærstyret avvikla til fordel for ei sivil regjering, sjølv om ministrane var dei same mennene, utan uniform. Nokre hundre politske fangar har blitt sett fri, og ytringsfridomen i landet har blitt betre. Aung San Suu Kyi har blitt sett fri frå husarrest, der ho har sitte i til saman over ti år sidan 1989, og ho har blitt tillete å stille til eit suppleringsval til parlamentet som skal avholdast i april 2012. Om dette viser eit genuint ønske om å gi slepp på makta frå militæret si side, gjenstår å sjå. (Kjelde:
http://snl.no/Burma/historie)
HANDLINGA
Filmen følger Aung San Suu Kyi, leiar av opposisjonspartiet i Burma, gjennom 30 år. Suu Kyi var dotter av den nasjonale helten Aung San.Filmen fokuserer på Suu Kyi sin personlege kamp for demokrati i Burma, hennar mot, politiske kampanjar og ikkjevaldelege haldning til sine motstandarar. Trass i til saman over ti år i husarrest, har Suu Kyi sin posisjon som ikonisk motstandsfigur med breid støtte i store delar av det burmesiske folket, ikkje blitt svekka.
Suu Kyi, som i løpet av ungdommen hadde busett set i Storbritannia, dro til Burma i 1988 for å pleie si sjuke mor. Ho hamna i sentrum for politisk opprør og demonstrasjonar mot militærregimet, vart raskt eit aktivt medlem og ein leiarfigur i opposisjonen, og vart leiar då partiet National League for Democracy (NLD) vart stifta.
Regimet kjende seg snart trua av Suu Kyi sin popularitet, og innskrenka stadig fridomen hennar gjennom overvåking, trugsmål og arrestasjon av politiske motstandarar. Vi får sjå glimt av den brutale måten regimet behandla sine politiske motstandarar på. Etter kvart nekta dei også familien hennar visum til landet, og gjorde det klart at dersom ho forlot Burma, villa ho bli nekta å kome tilbake. 1989 vart ho sett i husarrest, som varte fram til 1995 (og seinare mykje lenger).
I 1990 vart det avholdt val, som Suu Kyi og NLD vann med overveldande fleirtal. Men regimet nekta å godta resultatet. I 1991 vart Suu Syi tildelt Nobels Fredspris. Sidan ho sjølv ikkje kunna delta på seremonien, held den eldste sonen hennar, Alexander Aris, takketale på vegne av henne.
I 1997 fekk mannen hennar, Michael Aris, kreft, og han døydde i 1998 utan at dei to hadde fått sjå kvarandre.
Kommentar:Aung San Suu Kyi vart igjen sett i husarrest i 2002, og har i fleire periodar sitte både i husarrest og fengsel for sitt politiske engasjement. Ho har også blitt forsøkt tatt livet av, og fleire av hennar politiske medarbeidarar har blitt fengsla og brutalt behandla. Suu Kyi vart sist lausleten hausten 2010.
Aung San Suu Kyi mottok Raftoprisen i 1990, året før ho vart tildelt Nobels Fredspris.
OPPGÅVER
HISTORIE
- Lag ei tidslinje som presenterer Burma si historie frå 1820 og fram til i dag. Tidslinja skal, i tillegg til sentrale fakta om den nasjonale historien generelt, innehalde den mest sentrale informasjonen om forholdet mellom de ulike etniske gruppene i Burma.
- Undersøk kva rolle britane spelte under kolonitida og Burma sin frigjeringskamp. Kan noko av dette vera relevant for å forstå den politiske situasjonen i Burma i dag?
SAMFUNNSFAG
Internasjonal politikk
- Kartlegg Burma sine viktigaste alliansar i regionen og internasjonalt. Diskuter korleis det påverkar posisjonen til regimet.
- I filmen nemnast det at økonomiske sanksjonar berre tener til å styrke Kina sitt grep om Burma. Likevel endte både Storbritannia, EU og Noreg med å innføre handelsboikott av Burma i fleire tiår. Sanksjonane er no i ferd med å bli løfta. Diskuter positive og negative konsekvensar av økonomiske sanksjonar for regimet, og for det burmesiske folk.
- Burma har vore oppe i FN ved fleire høve. Finn ut når, kva saker som var oppe til diskusjon, og kva utfallet vart.
- Den siste tida har Burma vore hyppig nemnt i media på grunn av reformar som til ein viss grad betrar fridomen til folk, og fordi dei har lauslete fleire politiske fangar. Både norske, amerikanske og EU sine styresmakter har lovprist endringane, og mange, både nasjonalt og internasjonalt, pressar på for at det skal skje meir og raskare. Andre, som Noreg sin forsvarsminister Espen Barth Eide, har åtvara mot at for mykje skal skje på kort tid. Søk i media etter utsegner som dreier seg om utviklinga, og finn fram til ulike ståstader. Kva kan vera uheldig med å gjennomføre store reformar for raskt?
Etnisitet og konflikt
- Burma har over ti ulike etniske grupper, og i filmen får vi sjå korleis Aung San Suu Kyi reiste rundt og samla støtte i mange ulike grupper. Finn ut korleis forholdet er mellom dei etniske gruppene og regimet, og diskuter korleis dette påvirker handlingsrommet regimet har i forhold til demokratiske reformar.
- Gjer eit søk på internett etter ei av dei etiske minoritetsgruppene i Burma. Presenter deira historie sånn som ho blir presentert av gruppa sjølve. Diskuter utfordringane regimet står overfor når det gjeld fredsforhandlingar.
- Diskuter: Kva trur de ville skje dersom dei noverande makthavarane vart styrta? Samanlikn gjerne med andre konflikter de kjenner. (Forslag: Irak, Afghanistan eller Balkan.)
ETIKK OG MENNESKERETTAR
- Filmen viser glimt av den brutale behandlinga soldatane gav opposisjonen i Burma. Fleire menneskerettsorganisasjonar, mellom andre Human Rights Watch og Amnesty International, har kartlagt grove brot på menneskerettane utført av regimet mot sitt eiget folk. Dette gjeld både politiske motstandarar generelt, og etniske minoriteter spesielt. Tvangsarbeid, tortur, valdtekt som våpen, overvåking og kraftig innskrenking av ytringsfridomen er blant overgrepa som har blitt begått i stor skala. Finn dokumentasjon på dette, til dømes på HRW eller AI sine sider. Lag ein presentasjon.
- Diskuter: Kva trur du skal til for at eit menneske skal kunna begå slike grusomme handlingar som er nevnt i oppgåva over?
- Diskuter om prisane Aung San Suu Kyi har blitt tildelt (Raftoprisen og Nobels Fredspris) har endra hennar situasjon – til det betre eller verre.
- Sosiologen Zygmunt Baumann har sagt: “[...] det forferdeligste onde i manns minne skyldtes ikke oppløsning av all orden, men et plettfritt, feilfritt og uangripelig ordensregime[...]” (Baumann 2005:197). Diskuter kva disiplin og struktur har å seie for systematiske brot på menneskerettane. Kom med døme, gjerne frå andre land.
