Skammerens datter (nynorsk)
Filmstudiearket på bokmål:
http://www.filmweb.no/skolekino/incoming/article1220416.eceFilmen er tilgjengeleg med undertekstar både på nynorsk og bokmål, ta kontakt med kinoen din for meir informasjon.INNHALD
Handlingsreferat
Skuletilpassa, læreplanreferansar
Filmomtale
Oppgåvesamling (til for- og etterarbeid)
HANDLINGSREFERAT
Dina og familien hennar bur i fyrstedømmet Dunark, ei mellomaldersk fantasy-verd. Ho har arva ei særskild gåve frå mora; om ho ser eit menneske i auga, kan ho stire rett inn i sjela til den ho ser på, og avsløre løgner og kriminelle handlingar.
Ein dag blir mor til Dina tilkalla for å avhøyre kronprinsen Nicodemus, som er skulda for å ha drepe fleire av familiemedlemmene sine. Dinas mor blir fengsla då ho nektar å tvinge Nicodemus til å kome med ei tilståing som ikkje er sann.
Dina prøver å løyse flokane, og ho får raskt ei kjensle av at ikkje alt er slik som fiendane til tronarvingen påstår. Den fremste av desse er den skruppellause Drakan, som hevdar retten til å overta makta i Dunark. Han er leiar av Drakeordenen, og har ei grotte full av drakar.
Med livet som innsats må Dina redde mor si, Nicodemus og heile befolkninga i Dunark frå Drakans blodige og maktsjuke ferd mot trona.
SKULETILPASSING, LÆREPLANREFERANSAR
* Klassetrinn: 6.–10. trinnSkammerens datter får aldersgrense 11 år. Grunngjeving:
Filmen har ei mørk stemning og inneheld fleire trugande scener og valdshandlingar.
Filmen inneheld ein del mørke og skumle scener, ein får til dømes sjå svoltne drakar, blodpølar og rasande menneske. Men filmen er regissert som familieunderhaldning, fordi filmproduksjonsselskapet ser at det ville vore uklokt å støyte frå seg den aldersgruppa som er primæraldersgruppa for bokserien.
* Relevante fag: samfunnsfag, norsk, naturfag og RLE
Det faglege arbeidet før og etter filmframsyninga av
Skammerens datter vil kunne vere med på å nå fleire av kompetansemåla i læreplanen. Her er nokre eksempel:
SAMFUNNSFAG
Kompetansemål etter 7. og 10. årstrinn innan hovudtemaet
utforskaren.
NATURFAG
Kompetansemål etter 7. og 10. årstrinn innan hovudtemaa
forskarspira og
kropp og helse.
RLE
Kompetansemål etter 7. og 10. årstrinn og vidaregåande innan hovudtemaet
filosofi og etikk.
NORSK
Den skandinaviske språkforståinga i Norden er eit viktig grunnlag for felles identitet, vennskap og fellesskap i regionen. I samsvar med
Helsingforsavtalen (1962) er kvart av dei nordiske landa forplikta til å sikre at det blir gitt undervisning om språk, kultur og samfunnsforhold i dei andre nordiske landa (art. 8). Dette har gjort at nabospråksundervisning er ein obligatorisk del av undervisninga i skulen, med kompetansemål etter 4., 7. og 10. trinn, og Vg2 og Vg3 i Læreplan i norsk. (Sjå punkta under.)
I og med at skandinaviske barnefilmar og barne-tv no ofte blir dubba, får ikkje barna høve til å bli kjende med dansk og svensk uttale tidleg. Den danske talen i
Skammerens datter vil kunne fungere som ein døropnar og eit verktøy for å oppnå desse kompetansemåla. Gjennom å sjå skandinaviskspråkleg film får elevane eit utmerkt høve til å knekkje danske og svenske uttalekodar, og spesielt om dei får kjennskap til nokre uttalereglar i forkant og får leike seg med nokre ord og setningar på dansk og svensk. Her er nokre konkrete kompetansemål henta frå læreplanen:
Kompetansemål etter 4. årstrinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
– forstå noko svensk og dansk tale.
Kompetansemål etter 7. årstrinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
– lese enkle tekstar på svensk og dansk og gjengi og kommentere innhaldet.
Kompetansemål etter 10. årstrinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
– lytte til, forstå og gjengi informasjon frå svensk og dansk.
– gjengi innhaldet og finne tema i eit utval tekstar på svensk og dansk.
Les meir på
http://www.udir.no/Lareplaner/
FILMOMTALE
Skammerens datter er filmatiseringa av den første boka i den populære fantasybokserien om Dina,
Skammarens dotter. Denne bestseljande serien er skriven av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl, og omsett til nynorsk av Øystein Rosse, gitt ut av Det Norske Samlaget. Boka er også tilgjengeleg på nynorsk som lydbok (Lydbokforlaget 2004).
Lene Kaaberbøl har gitt ut ei lang rekkje bøker, mange av dei med barn og ungdommar som primærmålgruppe. Femten år gammal gav ho ut dei første to bøkene sine! Sidan har ho motteke mange prisar, og bøkene hennar er omsette til meir enn tjue språk. Dei fleste av bøkene hennar har handling som går føre seg i ei mellomalderprega fantasy-verd.
Filmversjonen av
Skammarens dotter er dansk, men med to norske skodespelarar i to av dei mest sentrale rollene. Jakob Oftebro speler kronarvingen Nicodemus, og Maria Bonnevie speler Melussina, Dinas mor.
Sjå filmtraileren her:
http://www.filmweb.no/trailere/article1208658.ece?clip=1OPPGÅVESAMLING (TIL FOR- OG ETTERARBEID)
Oppgåvene under kjem ikkje i ei bestemt rekkefølgje.
Dei ulike faglærarane kan sjølve velje mellom dei ulike oppgåvene for å få det fagutbyttet ein ønskjer. Merk:
Det er ikkje meininga at eleven skal arbeide med alle oppgåvene. Kvar enkelt lærar må velje ut dei oppgåvene som vil høve best for eigne elevar og fag.
Kvar enkelt lærar må også, med utgangspunkt i eigen elevmasse, vurdere (og eventuelt korrigere) vanskegraden/formuleringane i dei ulike oppgåvene. Det er valfritt om elevane skal svare munnleg eller skriftleg på oppgåvene, og om dei skal arbeide individuelt eller i grupper. Mange av oppgåvene høver godt til klassediskusjon.
Fleire av spørsmåla/oppgåvene kan ein ikkje svare på gjennom å berre sjå filmen, ein treng også tilgang til internett og andre oppslagsverk. Langt ifrå alle spørsmåla vil ha klare fasitsvar.
Nokre av spørsmåla/oppgåvene tek utgangspunkt i viktige, men mindre synlege element i handlinga. Derfor bør det ikkje gå for lang tid mellom forarbeid, filmvisning og etterarbeid. Ver også merksam på at enkelte av oppgåvene vil røpe handlinga. Dimed bør ein vente med enkelte spørsmål til filmvisninga er over.
1 :::
FØR FILMENA: Om klassen eller enkeltelevar har høve til det, les boka
Skammarens dotter (eller høyr lydbokversjonen)
før filmvisninga. (Den danske originalutgåva er omsett frå dansk til nynorsk og er utgitt av Det Norske Samlaget. Lydbokforlaget har gitt ut nynorsk lydbokversjon.) I etterarbeidsoppgåvene (seksjon B) vil de finne ei gruppe spørsmål som er retta mot dei elevane som både har lese boka og sett filmen.
B: Bruk litt tid på å førebu elevane på kva slags film dei skal sjå. Les handlingsreferat, sjå filmtraileren, osv. Trailer:
http://www.filmweb.no/trailere/article1208658.ece?clip=1C: Kva er særmerkt for fantasylitteratur? Kva slags element kan ein rekne med å møte i slike forteljingar, anten det er bøker eller film? Lag ei liste saman i klassen.
D: Kva for andre fantasybøker og fantasyfilmar kjenner du/de til? Kvifor trur de at denne sjangeren er blitt så populær i underhaldningskulturen?
E: Kva vil det seie å skamme seg? Gi ulike eksempel på kva eit menneske kan seie, gjere eller tenkje, som burde vere grunnar til å skamme seg.
F: Sjå på oppgåvene for etterarbeid i seksjon D under («SPRÅK / ORD / UTTRYKK»). Finn gjerne svar på nokre av dei åtte første spørsmåla i
forkant av
filmvisninga.
2 ::: ETTER FILMVISNINGA
A: REPETISJON
Sjå over førebuingsoppgåvene på nytt. Er det nokre av spørsmåla du kan gi nye eller meir utfyllande svar på no, etter å ha sett filmen?
B: SAMANLIKN MED BOKA
Denne seksjonen er for dei elevane/klassane som har lese boka (eller høyrt lydboka) Skammarens dotter, i forkant av
filmvisninga.1) Opningsscena i filmen er heilt annleis enn første kapittelet i boka. Filmen startar med at ei tenestejente oppdagar at fleire av dei kongelege er drepne. Boka begynner med at vi blir kjende med Dina heime i landsbyen hennar. Kvifor trur du at filmskaparane har gjort denne endringa?
2) Kva andre skilnader ser du mellom boka og filmen? Meiner du det er forbetringar frå bok til film, eller er filmversjonen blitt dårlegare? Grunngi svaret ditt.
3) I filmen er fangekjellaren i Dunark-borga konstruert annleis, ein treng ikkje gå gjennom drakekjellaren for å komme til og frå fangecellene. Kva synest du om denne endringa?
4) Kva for ein karakter i filmen meiner du skil seg mest frå boka, slik du oppfatta han/henne i boka? (For eksempel Drakan, våpenmeisteren, meister Maunus, Rosa eller Dinas mor.) Kven likner mest på karakterane slik du såg dei føre deg?
5) Har du lese andre bøker som er blitt filmatiserte? I så fall: Synest du at filmversjonen har vore betre eller dårlegare enn boka filmen var basert på? Grunngi svaret ditt.
C: KARAKTERANE
1) Beskriv Dina. Kva er hennar sterke og svake sider?
2) Dina er ei jente som ønskjer å gjere godt i verda. På kva måte
kunne ho ha nytta skammarkreftene til å gjere onde handlingar, om ho hadde bestemt seg for det?
3) Då Dina i starten av filmen blir sint på jenta Cilla, bruker ho kreftene sine på å setje Cilla på plass. Ein annan gong bruker ho kreftene sine slik at ein mann gir Dina og Rosa gratis brød. Argumenter for og imot om det var feil eller ikkje av Dina å bruke kreftene sine slik.
4) I starten av filmen forklarer Dinas mor korleis skammarevna er ei gåve, sjølv om det kan verke som ei straff. Kva meiner ho med dette? Kunne
du tenkt deg å ha Dinas evner om du hadde fått høve til det?
5) Beskriv Drakan. Heilt i starten av filmen framstår han som eit godt menneske. Når skjøner du at han er vondskapsfull, mordarisk og uærleg? Kva er det han seier og gjer som understrekar at han er
den slemme?6) Beskriv Nicodemus. Han er den eigentlege tronarvingen i Dunark. Kom med argument for og i mot at Nicodemus kunne ha eigna seg som fyrste i landet.
7) Vel ut ein av birollekarakterane i filmen, for eksempel Davin (Dinas storebror), våpenmeisteren, meister Maunus, Rosa eller dama Lizea (Drakans mor). Korleis trur du dei synest det er å bu i Dunark? Lag fem spørsmål du kunne ha tenkt deg å stille, om du kunne ha intervjua ein av desse.
8) I slutten av filmen har Nicodemus eit høve til å drepe Drakan, og slik kunne han ha sett ein stoppar for Drakans vondsinna planar om å ta over riket. Kvifor gjer han det ikkje?
D: SPRÅK / ORD / UTTRYKK
1)
Skammerens datter er ein dansk filmproduksjon, og all tale er dansk.
– Kor likt er dansk og norsk, både med tanke på talespråk og skriftspråk? Kan du kome med døme?
– Mange av likskapane mellom dansk og norsk språkkjem av at Noreg var i union med Danmark (1380–1814). Korleis har denne unionen påverka det norske språket?
– Kor mykje forstår du av dansk tale? Kor mykje av filmen trur du at du hadde skjønt om han ikkje var teksta på norsk?
– I kva for land kan du gjere deg forstått berre ved hjelp av norsk?
– Kom med døme på ulike språk som har mange ord som liknar på norske ord. Kva er årsaka til desse likskapane?
– Kva land består
Norden av? Kom med døme på kva dei nordiske landa har til felles. Kom med døme på gode grunnar for å lære om dei andre nordiske landa.
2) Kva er ein
forræder?
3) Kva er ein
forfar?
4) Kva vil det seie å bli
landsforvist?
5) Kva betyr det at ein person er
nådig?
6) Kva legg ein i det
å sverge på noko?
7) Kva vil det seie at ein son eller ei dotter er
uekte?
8) Kva uttrykkjer eit menneske som
kneler framfor eit anna menneske?
9) Dei fleste filmar har ei såkalla
tagline, ein kort tekst som skal underbyggje tittelen og handlinga i filmen, og som får han til å framstå som ekstra interessant.
Skammerens datters tagline er (på dansk) ”
Sandheden er det skarpeste våben”. Kva betyr dette? Kor godt synest du denne setninga fangar inn filmen? Grunngi svaret ditt.
E: DIVERSE
1) Finn informasjon om Lene Kaaberbøl, forfattaren som har skrive
Skammarens dotter. Skriv ein kort biografi om henne.
2) Inspirerte denne filmen deg til noko? Hadde han ein bodskap som påverka deg? Snakk saman i klassen. Kva kan ein lære av
Skammerens datter?
3) Kjende du igjen nokre av filmskodespelarane? Bruk internett og finn ut om desse har spelt i filmar du har sett tidlegare, eller som du kunne ha tenkt deg å sjå.
4) Når Drakan skal informere innbyggjarane i Dunark, gjer han det gjennom oppslag rundt omkring på stolpar og vegger. Jamfør måten informasjon blei spreidd på i gamle dagar, før den teknologiske tidsalderen, med dagens
informasjonssamfunn. Diskuter fordelar og ulemper med det å leve i ei tid der ein kan bruke så mange ulike teknologiske hjelpemiddel, som det ein kan i Noreg i dag, for å oppnå kontakt med andre menneske.
5) I filmen høyrer vi om, og ser, ulike yrkesgrupper som ikkje er så vanlege lenger. I det minste har desse yrka
forandra seg mykje i vår moderne tid. Døme: smed, alkymist, våpenmeister, bodbringar, riddar, huslærar, myntmakar. Kva for andre yrke i denne filmen såg du døme på? Beskriv skilnaden på og verdien av desse yrka i dag, samanlikna med i mellomalderen.
6) I tidlegare tider var det vanleg med offentlege avrettingar. Slik ein kan sjå i denne filmen, samla folk seg gjerne på bytorg og liknande for å oppleve avrettingane. Kvifor trur du at styresmakter i byar og land ønskte å vise fram offentleg at dømde menneske fekk straffa si?
F: GENERELLE FILMSTUDIESPØRSMÅL
1) Kor god synest du filmen var? Kva likte du og kva likte du ikkje?
2) Kva for følelsar gav filmopplevinga deg? Gjorde nokre av scenene i filmen deg glad? Blei du nokon gong trist i løpet av handlinga? Flau? Sint? Kva fekk deg til å le? Gjorde noko deg redd? Reagerte andre i klassen på same måte som deg?
3) Kor godt synest du denne filmen passa for klassen din? Grunngi svaret ditt.
4) Gjenfortel handlinga i filmen med cirka femti ord.
5) Kva for verkemiddel har filmskaparane brukt for å få fram ulike stemningar? (Stikkord: klipp, musikk, tempo, farger, lys/skugge, m.m.)
6) Skriv ei melding om filmen. Fortel om kva du likte og kva du ikkje likte. Grunngi synspunkta dine.
____________________________________________________________________________________________
Send gjerne tilbakemelding på dette filmstudiearket til
poh@pohphoto.com. Takk!
Per Olav Heimstad (f. 1973) er adjunkt og har undervist i ungdomsskulen sidan 1999. Han driv også einmannsfirmaet POHphoto (pohphoto.com) der han mellom anna har arbeidd som fotograf, film-/musikkmeldar, teikneserieteiknar, forfattar og statist/smårolleskodespelar. Han bur i Åsgårdstrand saman med kone, to søner og mange filmteoribøker.
