Filmweb
 
 

Chihiro og heksene

ANIME

Miyazaki Hayaos film Chihiro og heksene kom til Noreg første gong i 2003. Då hadde han nett vunne Gullbjørnen under filmfestivalen i Berlin (2002) og gjort det svært kvasst på kino i heimlandet Japan. I 2002 var japansk animasjonsfilm – anime – ganske ukjent for dei fleste norske kinogjengarar. Når vi ser bort frå filmane om Pokemon og Digimon var det Chihiro og heksene som i lag med Metropolis (Rintaro, 2001) sto for dei første innslaga av japansk animasjonsfilm for eit breitt norsk publikum.

Om ikkje animasjonsfilmen i Noreg har fått den same respekten som kunstform som han har i Japan, har iallfall filmskaparar som nett Miyazaki fått høg status mellom filmelskarar her heime. I åra etter 2002 har fleire av dei gamle filmane frå Studio Ghibli (sånn som Min nabo Totoro, Kikis budservice, Porco Rosso etc) blitt vist på kino og rundt i heimane på DVD, i tillegg til at mange av Ghibli-filmane som har kome sidan 2002 har fått eit norsk publikum. Her kan vi nemne Ponyo på klippen ved havet, Arriettas hemmelige verden og Vinden stiger.

Regissør og manusforfattar Miyazaki Hayao (slektsnamnet først) etablerte Studio Ghibli i 1985. Ein får stundom høyre at Miyazaki er kjent som den japanske Disney, og at han ikkje liker dette oppnamnet særleg godt. Han har vore forfattar og regissør av fleire av studioets suksessfilmar (alle som er nemnte over minus Arriettas hemmelige verden), men har sagt at Vinden stiger (2013) skal vere den siste filmen hans.

HANDLINGA

På veg til den nye heimstaden sin hamnar den om lag ti år gamle Chihiro og foreldra hennar i det dei trur er ein folketom temapark. Dette syner seg å ikkje stemme heilt, for når foreldra forsyner seg av buffeten i ein restaurant, blir dei forvandla til grisar. Temaparken syner seg å vere eit badehus for gudar, og Chihiro må få seg ein jobb der for ikkje å li same lagnad som foreldra og dessutan ha eit håp om å redde dei. På den nye arbeidsplassen sin møter ho ei lang rad spennande folk, mellom dei er sjefen, heksa Yubaba, og vener og allierte som Haku, som lærer henne å overleve, og Lin, som blir arbeidskameraten hennar. Av ein badegjest får ho ei urtekake som blir hjelpemiddelet hennar når ho skal redde Haku frå Yubaba og få seg sjølv og foreldra attende til menneskeverda. På vegen får ho bruk for ein masse eigenskapar vi ikkje visste at ho hadde, slike som mot, kløkt, sjølvstende og det å vere høfleg. Ho klarer brasane ved å bruke hjartet så vel som hjernen.

Chihiro og heksene har aldergrense 7 år. Norsk tale gjer at filmen eignar seg for elevar frå andre klasse, men dette filmstudiearket er tilpassa elevar frå femte trinn og oppover til vidaregåande.

TEKNIKK OG ANIMASJON

Animatørar har lenge hatt mange teknikkar å velje i. Dagens skuleborn kjenner nok best reine dataanimerte filmar, men vil truleg óg ha sett dokkeanimasjon (t.d. Flåklypa grand prix), leireanimasjon (t.d. Sauen Shaun) og gamaldags cel-animasjon (eldre Disneyfilmar som Lady og landstrykeren), der ei og ei teikning blir lagt oppå ein bakgrunn og fotografert.

Det kan ha mykje føre seg å rette merksemda mot det vi ser på for å finne ut meir om korleis det er laga. Chihiro og heksene ser ut til å vere cel-animasjon med visse innslag av dataassistanse, men kva anna kan vi sjå?
  • Kor detaljerte er teikningar og bakgrunnar samanlikna med t.d. Frost? Eller Scooby Doo?
  • Er rørslene flytande eller hakkete?
  • Sjå på korleis karakterane er designa.
    • Legg nokon merke til at Yubaba og babyen hennar er store og små på ein gong?
    • Rører Hakaji seg på ein måte som er naturleg for ein mann med fire armar?
    • Er det skilnad på Chihiro/Sen og foreldra på den eine sida og gjestar og tilsette i badehuset på den andre?
  • Sjå gjerne på andre ting, som fargebruk, landskap/bakgrunnar og det forhaldet at vind og lufttrykk ser ut til å spele ei rolle i filmen. I alle Miyazaki sine filmar er det flygescener, er det nokon som kjenner eit sug i magen i flygescenene i denne filmen?

TEMATISKE INNFALLSVINKAR

Eventyr (norsk/RLE)

Det er neppe særleg kontroversielt å kalle Chihiro og heksene for ein eventyrfilm. Både omgjevnader, karakterer og hendingar har klart fantastiske drag. Om vi leitar etter dei, finn vi jamvel openbare fellestrekk med folkeeventyra våre, for berre å nemne eit par døme opplever heltinna vår ting som lettvint let seg samanlikne med det som skjer med Oskeladden.

Ein kan óg spørje seg om ikkje det er slik at visse tema og emne lettare låner seg til animasjonsfilm.

  • Tenk på likskapar (og ulikskapar) mellom dei prøvene Chihiro/Sen blir sett på og dei Oskeladden møter i eventyra om dei gode hjelparane og prinsessa som ingen kunne målbinde.
  • Kan vi sjå føre oss Chihiro som heltinna i ein realfilm?
  • Kva er likskapar og skilnader mellom Chihiro og Harry Potter? I båe høve har vi å gjere med ei(n) helt(inne) som må lære å kjenne og meistre ei ny og (bokstavleg forstått) magisk verd. Motsett Harry Potter har Chihiro som mål å komme tilbake til si eiga verd og redde foreldra.
  • Om dette går føre seg i ein RLE-time: Merk at Chihiro og heksene går føre seg i ei verd som spring ut av ein naturreligion og soleis er folkesett av elvegudar, skogsånder osv, medan Harry Potter (og andre fantasy-seriar) handlar om ei verd som er proppfull av magi, men heilt utan gudar og gudstru.
  • Trur du Chihiro kjem til å lengte tilbake til badehuset?

 
Miljø, økologi, moral (samfunnsfag)

Det er òg tydeleg at hendingar i den verkelege verda har konsekvensar i andeverda. Stankguden som synte seg å vere ein forureina elvegud bringer inn eit miljøperspektiv som kan gje mange gode diskusjonar.

  • Kva seier filmen om grådigheit? (merk foreldra til Chihiro, staben på badehuset i møte med den andletslause ånda som deler ut gull, Yubabas forhold til systera Zeniba)
  • Kva eigenskapar er det som gjer at Chihiro klarer brasene til slutt?
  • Hadde jorda vore like forureina om alle hadde trudd at kvar elv og kvar skog hadde eigne ånder, slik som stankguden som viste seg å vere ein elvegud?
  • Foreldra til Chihiro blir menneske att og veit ingenting om det dei har gjennomgått. Trur du Chihiro kjem til å bruke det ho har lært, eller vil ho bli like tankelaus og svolten som foreldra?


Arbeidsliv og vaksenverd (samfunnsfag, VGS)

For å gå vidare med parallellar mellom to ulike verder, kan vi sjå openbare likskapar mellom vår verkelege verd og den Chihiro plutseleg hamnar i. Før ein går inn i ei allegorisk lesing av filmen, er det likevel verdt å minne om at ein gjerne finn det ein leitar etter, og at di lenger ut ein dreg ein allegori, di meir forførande blir han. Ein må ikkje misse or syne at ein films verdi, som forteljing eller på anna vis, slett ikkje alltid kjem frå samanfallet mellom fiksjonen og røynda. Likevel: det er som sagt klare parallellar mellom vår røynd og Chihiro si.

Om ein er tilsett i servicenæringa kjenner ein kanskje att biletet av arbeidstakarar som hardt arbeidande framandelement som må tilfredsstille både mektige sjefar og gudeliknande gjester/kundar. Det er påfallande at jamvel ei i verd som er styrt av magi, er ein avhengig av råvarer til mat og drykk så vel som av oppvarming og arbeidskraft. Ei arbeidskontrakt skal verne båe partar, men krev ikkje mange arbeidsgjevarar at arbeidstakarane nærmast gløymer seg sjølv og sine eigne behov? (I parentes kan vi minne om at artisten Prince skifte namn til eit symbol for på den måten å fri seg frå ei kontrakt han hadde underskrive med plateselskapet sitt, litt som når Haku blir fri frå Yubaba når han kjem i hug det eigenlege namnet sitt.) Sidan filmen på mange måtar handlar om ei jente som blir meir vaksen og moden, må det vere lov til å spørje om ikkje badehuset kan oppfattast som eit barns syn på vaksenverda like mykje som eit skrått blikk på arbeidslivet frå ein fantasifull vaksen.


 

Filmstudieark

Forfatter:Knut Sigurd Senumstad
Klassetrinn: [5. - 7. trinn, 8. - 9. trinn, 10. trinn, Videregående]
Fag: Norsk , Samfunnsfag , RLE-faget , Mediefag , Kunst og håndverk
Tema:Eventyr/fantasy, Kulturmøter/-konflikter, Oppvekst/familie, Miljøvern og naturvitenskap
 

Fakta

Originaltittel:Sen to Chihiro no kamikakushi
Regi:Hayao Miyazaki
Roller:Lauren Holly, Jason Marsden, Tara Strong, Erlend Klarholm Nilsen, Paul-Ottar Haga, Suzanne Pleshette, John Ratzenberger, David Ogden Stiers, Kari Simonsen, Emilie Christensen, Jason Marsden, Tara Strong, Lauren Holly, Malin Pettersen, Kim Fangen, David Ogden Stiers, Suzanne Pleshette, John Ratzenberger, Even Stormoen, Ella Skarra, Susan Egan, Daveigh Chase, Michael Chiklis, Mikael Aksnes-Pehrson, Johannes Joner, Daveigh Chase, Michael Chiklis, Susan Egan, Eira Elise Øverås, Lars Sundsbø
Manus:Hayao Miyazaki
Genre:Eventyr / Animasjon / Familiefilm
Nasjonalitet:Japan
Språk:japansk
Produsent:Yasuyoshi Tokuma
Produksjonsselskap:Studio Ghibli, Tukoma Shoten
Musikk:Joe Hisaishi
Lengde:2 t. 5 min.
Distribusjon:Arthaus
Produksjonsår:2001
Aldersgrense:9 år
 
 
Filmplakat:

 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen