Filmweb
 
 

Kvar song ei soge – ditt liv fortalt i hundreårige songtradisjonar

Om filmen

Den Amandanominerte dokumentarfilmen KVAR SONG EI SOGE – ditt liv fortalt i hundreårige songtradisjonar (2016: 71 min.) er ein film om dei som syng.

Her møter me born, vaksne og eldre som set pris på, og fører vidare, songar og melodiar som har vore formidla gjennom hundreår og som framleis er av stor verdi i kvardagslivet. I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historier og skaper historie. Slik blir kulturarva levande i kvardag og fest frå vogge til grav.

KVAR SONG EI SOGE handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i filmen fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.

Målgruppe
Elevar i 8.-10. klasse og vidaregåande skule.

Fagområde
Musikk, media, norsk, kunst, historie og samfunnsfag.

Tema
Musikk, film og historie.

Læringsmål
- Skape medvit blant elevane om songens verdi i deira eigne liv og folkesongens utbreiing.
- Gje elevane kunnskap om folkesongens historiske verknad.
- Gje elevane ei uvant musikkfilmoppleving og skape interesse for dokumentarfilmen som sjanger.

Tilleggsmål ved utvida opplegg
- Gje elevane opplæring i intervjuteknikk og gjere dei fortrulege med innsamling av immateriell kultur.


Bakgrunn

Folkesong er i denne samanheng å forstå som dei songane folk syng. Vi har alle ein folketone i oss. Uavhengig av kven vi er og kvar vi kjem frå er song og musikk ein viktig del av barndomen. Folkesongen høyrer til vår kulturarv og er ei vidareføring av det kjære og familiære gjennom generasjonar. I denne type song kjem lokale fortelje- og språkformer til uttrykk.

I denne samanheng er det viktig å minne om at det ikkje er lenge sidan vi song for maten, før kvar time på skulen, i kyrkjebenken - og dei aller fleste lullar framleis ungane sine i søvn med noko som liknar på ei voggevise. Songen ber vi med oss bestandig uansett om vi mistar alt, eller som Berthold Brecht skreiv: "Et folk som synger kan aldri dø!"

I KVAR SONG EI SOGE retter ein merksemda mot estetikk og etikk i kvardagen. Eit mål er at lærarar og elevar etter å ha sett filmen stiller seg spørsmål om kva dei sjølv ønskjer å lære og føre vidare i vår kultur. Songen kan aldri vernast og sikrast. Den kan berre førast vidare av oss menneskje.

Undervisningsopplegg  (2 skuletimar inkl. film)

Undervisningsopplegget kan gjennomførast på fleire måtar, alt etter kva ein ønskjer, kva som passer best.

Enten av:
- lærarar ved den enkelte skule og/eller i samarbeid med
- lokale/regionale folkesongarar/-musikarar og/eller i samarbeid med
- regissør Aaslaug Vaa.

I tillegg til å lære om folkesong og film, kan også eleven lære å sjølv bli aktiv innsamlar av sine respektive folketonar. Under vert ulike opplegg for bruk av filmen i skulen presenter. Det er opp til den enkelte skule/lærar kva slags opplegg ein ønskjer.

1) Læraren introduserer elevane for tema folkesong og filmen før elevane ser filmen. Dei samtalar om filmen i etterkant.

2) Ein lokal/regional folkesongar introduserer innleiingsvis lokal folketonetradisjon og filmen, dei ser filmen saman og samtalar om filmen i etterkant.

3) Regissør Aaslaug Vaa introduserer tema folkesong og filmen før ho ser filmen saman med elevane og dei samtalar om filmen i etterkant.

 

Utvida undervisningsopplegg (3 skuletimar inkl. film)
 

Forarbeid

Gjennom bruk av moderne media nærmar elevane seg folkesongen: Songar folk syng i kvardagen, i sine nære omgjevnader. Læraren forklarar elevane korleis dei skal gjere opptak på mobiltelefonen (lyd eller video). Eleven intervjuar ein person i sin næraste omgjevnad – mor, far, bestemor eller kven det måtte vere – ein dei har lært ein song av som betyr noko for eleven.

Alternativt bidreg eleven med sin eigen song.

Læraren viser gjerne fram ulike eksempel frå sida MIN FOLKETONE på Facebook: facebook.com/MinFolketone

Læraren lar gjerne elevane ta utgangspunkt i følgjande punkt i intervjusituasjonen:
1) Kan du fortelje kva du heiter, kvar du har vakse opp og kvar du bur?
2) Kva betyr ordet «folketone» for deg?
3) Kva er din folketone, og kvifor er nettopp dette din folketone?
4) Intervjuobjektet framfører sin folketone.
 

Etterarbeid, og om MIN FOLKETONE på Facebook:

Alle filmsnuttane elevane samlar inn lastast ned (til dømes på ein harddisk) og vert gjennomgått i klassa. Etter eige ønskje kan elevane publisere eit utval på Facebook-sida MIN FOLKETONE (facebook.com/MinFolketone). Sida er oppretta som ein del av formidlinga av filmen KVAR SONG EI SOGE. MIN FOLKETONE har vore i drift sidan desember 2015 og er ein plattform og ein fristad der det ikkje handlar om å prestere. Det handlar om å formidle det som står ein nært og er kjært. Her er alle invitert til å vere med og dele nettopp sin folketone med andre. Enkelte filmar har allereie hatt 30.000 visningar, og Facebook-sida er veldig godt motteken i folkemusikkmiljøet. Filmskaparane arbeider no for å vidareføre prosjektet gjennom samarbeid med ulike institusjonar. Materialet vil i ettertid bli overført til musikksamlinga i Nasjonalbiblioteket.


Om regissøren

Aaslaug Vaa er utdanna agronom, lærar og cand.philol. og var kultur- og kinosjef i Åsnes kommune (1981-86) og fylkeskultursjef i Nordland (1986-2008). No er ho dagleg leiar for kulturnæringsbedrifta Villa Lofoten som blant anna arrangerer workshops for barn og unge: www.villa-lofoten.no

Lenker for meir informasjon:

Facebook-sida for filmen: facebook.com/KvarSongEiSoge

Facebook-side «Min folketone»: facebook.com/MinFolketone

Produksjonsselskapet Villa Lofotens heimeside: villa-lofoten.no/#!kvar-song-ei-soge/c1doa

Innslag og intervju med Aaslaug Vaa i P2s ”Spillerom” her: radio.nrk.no/serie/spillerom-hovedsending/MKMR06011416/09-06-2016#t=5m1s


 

Filmstudieark

Forfatter:Aaslaug Vaa
Klassetrinn: [8. - 9. trinn, 10. trinn, Videregående]
Fag: Samfunnsfag , Historie , Norsk , Musikk
Tema:Kunst, Historie, Nordisk
 

Fakta

Originaltittel:Kvar song ei soge
Regi:Aaslaug Vaa
Roller:Inger Lien, Hillborg Romtveit, Marthe og Jarle Nordjordet, Britt Karin og Halvor Nordjordet, Jon Inge og Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove, Kjell Hove, Einar Øverbø, Trygve Vågen, Birgit Landsverk og Lars Erik Skjøtskift Øygarden.
Manus:Aaslaug Vaa og Virginie Surdej
Genre:Dokumentar
Nasjonalitet:Norge
Språk:norsk
Produsent:Knut Skoglund og Aaslaug Vaa
Produksjonsselskap:Villa Lofoten
Lengde:1 t. 11 min.
Distribusjon:Euforia
Produksjonsår:2016
Aldersgrense:Tillatt for alle
 
 
Filmplakat:

 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen