Filmweb
 
 

Skammarens dotter 2: Slangens gåve (nynorsk)

Før filmen

Læraren bør lese gjennom dette oppgåvesettet på førehand og velje ut dei delane hen sjøl meiner passar best for klassen. Forfattaren av filmstudiearket meiner at filmen kan passe godt inn i norskfaget, i samfunnsfag og KRLE. Prøv gjerne å styre elevanes merksemd mot dei delane av filmen som passar til din eigen faglege bruk.

Om filmen og bøkene

Slangens gåve er film nummer to i serien om Skammarens dotter. Filmane byggjer på Lene Kaaberbøls bøker, som kom ut i perioden 2000 til 2003. Bøkene ligg føre på nynorsk både på papir, som e-bok og lydbok. Elevar som har lese serien, vil ganske fort legge merke til at filmserien hoppar rett frå første bok, Skammarens dotter, til bok nummer tre, Slangens gåve.

På det personlege planet handlar bøkene og filmane mykje om korleis Dina finn seg sjølv som ei som har skammarkrefter (det at ho kan sjå folk inn i augo og få vite alt dei skjemmest over) og frå og med bok tre at ho óg har arva visse krefter (slangens gåve) etter far sin, som var svartemeister.

På det større planet handlar bøker og filmar om samfunnets liding under og kamp mot tyrannen Drakan, som har kjempa seg opp på tronen istf den rettmessige tronarvingen Nico(demus Ravens). Motsett det ein kanskje kunne vente seg, er ikkje Nico særleg interessert i å ta makta sjølv, jamvel om han ser koss folket lid under Drakans vanstyre.

Handlinga

Dina er på haustmarknaden i lag med familien og Nico. Ein mystisk mann følgjer dei. Trass i at haustmarknaden er nøytral, blir Davin (Dinas bror) og Nico tekne til fange av Drakans soldatar. Den mystiske mannen viser seg å vere Dinas far Sezuan, som er svartemeister. Dinas mor vil ikkje ha noko med han å gjere, men når han tilbyd seg å lære Dina korleis ho kan få sett fri broren og venen trassar ho mora og følgjer han.

Davin og Nico blir haldne fanga i Sagisborg, der fangane blir brukte som slavar til dei ikkje orkar å jobbe meir og blir kasta til sjøormen. På vegen til Sagisborg får Dina lære far sin å kjenne, samstundes med at ho blir kjent med dei av kreftene sine ho har frå han. Ho går frå å vere ganske fiendsleg innstilt mot han til å bli glad og takksam for å ha fått vere saman med han. På ferda blir dei to følgt av ein soldat sendt ut av Drakan og mor hans for å derpe dei.

Det kjem til konfrontasjon som våre venner vinn, men når dei skal frigje fangane i Sagisborga syner det seg at Sezuan har blitt døydeleg såra. I lag med Davin og Nico frigjev Dina alle fangane. På veg over sjøen brukar ho svartemeisterkunstene sine til å redde dei frå sjøormen. Filmen sluttar med at Dina, Davin og Nico kjem heim til Melussina, Rosa og Melli.

Om aldersgrensa

Filmen har fått aldersgrense 12 år pga «flere partier med mørk stemning og enkelte scener med kortvarige skrekkeffekter». Dagens tolvåringar har vakse opp med ein populærkultur som er full av skrekkeffektar, og dei kjenner vampyrar, zombiar og varulvar frå koselege situasjonskomediar. I Slangens gåve er det som er nifst så å seie skummelt på ordentleg, og karakterane på lerretet er i ordentleg fåre. Sjøormen er i filmens univers verkeleg nok, og dei som ramlar i vatnet blir oppetne.

Om elevane og læraren kjenner til Zombielars (NRK 2017-2019) er dei godt kjent med at figurar frå skrekkfiksjon og folketru kan brukast til å tenkje på kva det vil seie å vere annleis. Slangens gave har element av dette (Dina og Melussinas skammargåver gjer at dei skil seg markant ut frå majoriteten, og Nico merkar eit sterkt forventningspress fordi han er fyrsteson), men prøv óg å snakke om korleis Drakan brukar sjøormen og drakane sine som maktmiddel mot folket.

Norsk:  æreplanen i norskfaget har mellom andre desse læreplanmåla:

Etter sjuande trinn:

• presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk

• vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold

Etter tiande trinn:

• lytte til, forstå og gjengi informasjon fra svensk og dansk

• samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering

• gi eksempler på og kommentere hvordan samfunnsforhold, verdier og tenkemåter framstilles i oversatte tekster fra samisk og andre språk

• beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder

Som vi ser har norskfaget læreplanmål knytte til forståing av grannespråka dansk og svensk. Vi viser til filmstudiearket for den første filmen i serien for ein del gode oppgåver knytte til nett dette. I forlenginga av oppgåvene der føyer vi til desse:

Er det lett eller vanskeleg å lære seg eit av grannespråka svensk og dansk? Er det lettare eller vanskelegare å lære seg å forstå dei skriftleg? Å forstå dei skriftleg? Å lære å skrive dei? Å lære å snakke dei? (Er det vanskelegare for danskar å lære å snakke norsk enn for finnar å lære å snakke dansk?)

Her er eit knippe spørsmål som kan brukast i arbeidet med dei andre læreplanmåla for norsk:

• Ein del av personane møter vi berre i starten og slutten av filmen. Korleis trur du Melussina hadde det medan Dina var av garde for å hente Davin og Nico? Ho er nok redd for Dina, Davin og Nico, men ho veit at dei har komme seg ut av kniper før. Skriv dagboka hennar frå dagen etter at Dina har reist.

• Andre personar møter vi berre midt i filmen. Korleis gjekk det vidare for det paret som gav Dina og Sezuan mat medan dei var på veg? Skriv kva som skjer neste gong dei møter ein svolten ferdamann.

• Som oftast handlar personane i filmen på ein måte som vi kan forstå ut frå situasjonen, men somtid er det vanskeleg å forstå kva som ligg bak. Dina er til dømes sur og tverr mot Sezuan den første delen av reisa. Kvifor det? Skriv dagboka hennar frå den kvelden ho har samla granbar til seng.

• Sezuan vil heller gå enn ri,og Dina ertar han for å vere redd for hestar. Kanskje han fryktar dei fordi han ikkje har same makt over dei som over menneske. Skriv om det som hendte for ti år sidan som gjorde Sezuan så redd for dei store dyra.

Meir generelle spørsmål:

• Likte du filmen? Kvifor? Kvifor ikkje?

• Var det delar av filmen du likte ekstra godt? Kvifor? Kvifor ikkje?

• Kven i filmen tykte du var mest spennande eller interessant? Var det ein av dei snille eller ein av dei slemme? Kva var det som gjorde at du blei nyfiken på akkurat hen?

• Filmen har aldersgrense 12 år på grunn av «flere partier med mørk stemning og kortvarige skrekkeffekter». Kva for parti hadde mørk stemning? Tykte du det var nifst? Dersom du har yngre søsken, trur du dei ville blitt redde?

• Viss du ikkje har lese bøkene om Dina før, fekk du lyst til å gjere det no? Kvifor? Kvifor ikkje?

Bok og film

Elevar og lærarar i ungdomsskulen som er opptekne av adaptasjon kan svært godt bruke denne filmen og det litterære førelegget som studieobjekt. Filmen er nummer to i ein serie på tre, men byggjer på bok nummer tre i ein serie på fire. Filmen Slangens gåve er óg på mange måtar ein ganske fri adaptasjon av bok nummer tre, samstundes som han i serien må bere ein del av den børa bok nummer to (skammarteiknet) har bidrege med i bokserien. Her er nokre punkt ein kan ta med seg:

• Frå og med bok nummer to er hendingane fortalte av både Dina og Davin. Filmen/filmane vekslar óg på kven som er i sentrum av handlinga, men publikum får vite ting hovudpersonane ikkje kan vite.

• I boka er det tydelegare at rikdommen til herskarane er frukta av arbeidet til ei mykje større gruppe slavar. På kva måtar viser filmen likevel at samfunnet er i ubalanse?

• I filmen er Sezuans (og Dinas) evner ganske beint fram magiske, mellom anna kan dei gjere seg usynlege. I boka er skildringa av Sezuans evner vagare og meir subtil (han kan bestemme kven som kan legge merke til han. I tillegg er mordaren som følgjer etter Dina og Sezuan to ganske forskjellige personar i bok og film. Kva har dette å seie for korleis vi ser på Dina og Sezuan og forholdet mellom dei?

 

Samfunnsfag sjuande trinn: Læreplanen for samfunnskunnskap har ein del læringsmål som kan vere relevante i møte med denne filmen:

Etter sjuande trinn skal elevane mellom anna kunne

• gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn

• gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati

• gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad

• presentere ein aktuell samfunnskonflikt og drøfte forslag til løysing

Slangens gåve er på mange måtar ein film om to samfunnsformer som står mot kvarandre. Tyranniet er det Drakan og dama Lizea som viser fram. Deira samfunn er eit der makt er rett, der det er store sosiale skilnader og der det er strenge straffar for å skilje seg ut. Motsett ser vi, i scena på haustmarknaden/tinget der Melussina må avgjere om ein som er klaga for sauetjuveri er skuldig eller ikkje, konturane av eit samfunn der lovene er rettferdige og folk er nokolunde likeverdige. Vi ser óg at Drakan prøver å så splid mellom klanane.

Det er ikkje heilt klart om samfunnet Dina lever i er demokratisk på ein måte vi ville kjenne att, men det er likevel grunnlag for å snakke om skilnaden mellom å leve i dei to samfunna. Tenk til dømes på at dei fattige i Sagisborga er fangar som må gjere slavearbeid, medan alle vi møter frå Dinas samfunn produserer varer sjølv og sel dei på haustmarknaden.

Oppgåver

• Skriv dagboka til ein av fangane på Sagisborga. Kvifor hamna hen der? Hadde hen stole brød eller snakka stygt om Drakan? Er hen meir redd for sjøormen eller fangevaktarane?

• Skriv dagboka til ein av fangevaktarane på Sagisborga. Har han medkjensle med eller forakt for fangane? Fortener dei straffa si? Kvifor? Er han sjølv redd sjøormen?

• Skriv dagboka til ein som er til stades når Melussina frikjenner han som er skulda for sauetjuveri. Korleis kom hen til marknaden, og kva skulle hen kjøpe eller selje? Trudde hen at den klagde var skuldig?

• Hadde Drakan greidd å halde makta si utan drakane og sjøormen?

Det er ganske store skilnader mellom korleis barn i vårt samfunn kan og må påverke og kva Dina (som er eit barn) kan gjere i sitt samfunn. Barn i Noreg har korkje skammar- eller svartemeisterkrefter, men dei har kanskje andre maktmiddel. Diskuter kva desse kan vere. Kan barn i Noreg appellere til vaksnes dårlege samvit for å få dei til å bremse klimaøydeleggingane? Korleis? Kan barn påverke på måtar som overraskar vaksne? Korleis? Er det behov for nokon som gjev draumar eller nokon som vekker?

Om ein snakkar om dette i 2019 er svenske Greta Thunberg, som arrangerer skulestreik for klimaet (ho snakkar om saka sjølv her: https://ed.ted.com/featured/FhWyjfh7) eit relevant førebilete. Korleis skil ho seg ut frå Dina, Nico og Davin, og kva har dei felles?


Samfunnsfag tiande trinn:
Læreplanen for samfunnsfag har mellom anna følgjande læreplanmål knytt til utforskaren etter 10. trinn:

• vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning

Med såpass klare motsetnader som ein ser i denne filmen, skulle det vere mogleg å sjå hendingane frå fleire sider. Det store dømet frå denne filmen er at Dinas mor og far ser ulike ting i henne (medan det kanskje berre er ho sjøl som ser heile sanninga?), og Sezuan snakkar ganske tydeleg sjølv om dette når han får paret som i utgangspunktet avviser han og Dina til å likevel gje dei mat og musikk. La elevane sjølv finne døme på hendingar i filmen som kan sjåast på frå fleire sider og så utdjupe kvart av syna.

KRLE: I seksjonen filosofi og etikk har læreplanen følgjande mål etter sjuande trinn:

• samtale om aktuelle filosofiske og etiske spørsmål og diskutere utfordringer knyttet til temaene fattig og rik, krig og fred, natur og miljø, IKT og samfunn

Særleg når det gjeld temapara krig og fred og fattig og rik er det lett å starte samtalar med utgangspunkt i denne filmen, sjå gjerne gjennom avsnitta om samfunnsfag i dette filmstudiearket.

Naturen i filmens univers verkar å vere lik den vi kjenner, men ein ser godt at menneska brukar og er i naturen og miljøet på måtar som skil seg frå det vi er vane med. Lever dei meir direkte av jorda og skogen? Brukar dei opp ressursar på same måte som oss? Kor mange menneske kan livnære seg av jakt og sanking? Finst det folk i dag som lever på måtar som liknar måtane vi ser i filmen?

Som ein ser alt i namnet på serien, eignar filmane om Skammarens dotter seg til å ta opp spørsmål om personleg moral, om skam og samvit. Den særlege evna Dina har, og som gjer henne til skammar, er at at ho kan sjå folk inn i augo og vite alt dei skammar seg over. Ingen kan gøyme vonde løyndommar frå henne, og særleg bøkene er tydelege på at det ikkje er ei god oppleving å bli sett av skammarblikket.

Men Dina er ikkje åleine om å appellere til folks samvit. Under Sagisborga ligg kviskregrotta, der både Nico og Davin blir konfronterte av sitt eige samvit. Jamvel Dama Lizea endar her nede, og samvitet hennar er ikkje nådig med henne.

• Kvifor er det berre kviskregrotta som er ein straff?

• Er det nokon i liva våre som vi ikkje greier å ha løyndomar for?

• Korleis verkar samvitet? Må vi vite sjølv at det gale vi har gjort er gale?

• Kva er forskjellen mellom gode og vonde løyndommar? Kan vonde løyndommar vere skadelege?


 

Filmstudieark

Forfatter:Knut Sigurd Senumstad
Klassetrinn: [5. - 7. trinn, 8. - 9. trinn, 10. trinn]
Fag: Norsk , Samfunnsfag
Tema:Historie, Litteratur på film, Språk og uttrykksmåter, Nordisk
 

Fakta

Originaltittel:Skammerens datter 2 - Slangens gave
Regi:Ask Hasselbalch
Roller:Jakob Oftebro, Rebekka E. Sattrup, Agnes Kittelsen, Dejan Cukic, Allan Hyde, Stina Ekblad, Mikkel Arndt, Søren Malling, Nicolas Bro.
Manus:Gunnar A. K. Järvstad
Genre:Eventyr / Fantasy
Nasjonalitet:Norge / Danmark
Språk:dansk
Produsent:Eva Juel Hammerich, Nina Lyng, Lars A. Hellebust, Frederick Howard
Produksjonsselskap:Nepenthe film, Storm films
Lengde:1 t. 44 min.
Distribusjon:Euforia
Produksjonsår:2018
Aldersgrense:12 år
 
 
Filmplakat:

 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen