Filmweb
 
 

Birk & Magna - Gruva si mørke hemmelegheit

Magna ønskjer svar på kva som eigentleg hende med far hennar, da han forsvann sporlaust for mange år sidan. Samtidig kjempar Birk sin livs kamp for å redde turisthytta so han driv saman med adoptivfar sin. Når han forstår at forsvinninga til Magna sin far heng ihop med si eiga mystiske fortid, slår dei seg saman på leit etter sanninga. Begge har eit brennande ønskje om å finne ut kven dei er, og kvar dei kjem frå. Desse spørsmåla leier dei på sporet av eit miljøforbrotsverk av dimensjonar.

Bruk i skulen
Filmen eignar seg best frå 1. til 10. trinn. Det faglege arbeidet knytt til visning av filmen vil kunne bidra til å nå fleire kompetansemål i læreplanen, særleg i faga norsk, samfunnsfag og naturfag. I Kunnskapsløftet 2020 er tre tverrfaglege tema via mykje plass: demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring, og berekraftig utvikling. Denne filmen vil kunne eigne seg spesielt godt til bruk opp mot alle desse temaa. Les filmstudiearket på bokmål.

Notat til oppgåvene
Spørsmåla under er henta frå og relatert til innhaldet i filmen. Somme oppgåver kan svarast på kortfatta, medan andre legg opp til lengre utgreiingar. Nokre oppgåver krev vidare arbeid med kjelder, fortrinnsvis på nett. Mange av oppgåvene har ingen fasitsvar, men oppfordrar snarare til diskusjon rundt temaa filmen tar opp.

Oppgåvene kan løysast individuelt eller i grupper. Elevane kan gjerne barre løyse eit utval av oppgåvene, enten valt av lærar utifrå kompetansemål, eller valt av elevane sjølve. Det vere nyttig for elevane å sjå oppgåvene før visning, slik at dei veit kva dei skal sjå etter under filmen. Oppgåvene kan innehalde nokre ørsmå avsløringar av handlinga, men ingenting som forringar filmopplevinga nemneverdig.

Det er fint å avslutningsvis diskutere elevane sine svar i plenum, slik at ein kan dele ulike synspunkt på tema som filmen presenterer.

Oppgåver om filmen

1) Beskriv med eigne ord kva filmen handlar om, og kva filmskaparane prøvar å fortelje med den. Kva er tematikk og bodskap i filmen?

2) Filmen opnar med en søkeaksjon etter ein forsvunnen mann ved namn Steinar Jespersen. Arn deltek i søket, men i staden finn han ein ung gut. Fleire år seinare møter vi Arn og guten. Arn har adoptert han, og gitt han namnet Birk. Kva betyr det å adoptere nokon? Kvifor trur du at Arn ville og kunne adoptere Birk?

3) Kva får vi vite om Birk sine framtidsplanar i starten av filmen? Kvifor trur du at Arn ønskjer at Birk skal fortsette på skulen? Kvifor meiner Birk sjølv at han ikkje treng meir skule?

4) I kva del av Noreg utspelar filmen si handling seg? Korleis vil du beskrive området Arn og Birk bor i? Kva fjellområde trur du dette kan vere?

5) Kva slags arbeid driv Arn og Birk med? Kva utfordringar har dei i drifta av turisthytta?
6) Kvifor trur du kraftselskapet Erik representerer, ønskjer å kjøpe delar av eigedomen til Arn? Kvifor vil ikkje Arn selje?

7) Kraftselskapet i filmen heiter Nilfheim kraft. Kvifor trur du at selskapet har fått dette namnet? Kva slags stad var det norrøne Nivlheim?

Nivlheim – Store norske leksikon

8) Kvar kjem Magna frå? Kvifor fer ho til Birk si heimbygd?

9) Kva arbeidde far til Magna, Steinar, med da han forsvann for tretten år sidan? Kvifor er Magna mistenksam til Nilfheim kraft og deira rolle i faren si forsvinning? Kvifor har ho måtta sette i gang si eiga etterforsking av saka?

10) Korleis behandlar banken Birk når han spør dei om hjelp? Kvifor seier den banktilsette at de ikkje er ein velgjerdsorganisajon?

11) Kva er en velgjerdsorganisajon, og kva driv dei med?

Veldedighet – Store norske leksikon

12) Kva er eigentleg ein bank, og kva viktige funksjonar skal dei utføre i samfunnet? Kvifor har vi bankar? Korleis oppstod bankane, og korleis har dei utvikla seg gjennom historia?

Bank – Store norske leksikon
13) Beskriv følgjande karakterar frå filmen. Kva er deira gode og mindre gode eigenskapar? Kva gjer dei lykkelege og opprørte? Kva er målet deira i filmen, og korleis prøvar dei å nå dei? Korleis utviklar dei seg i løpet av filmen? På kva måtar har dei vakse når filmen er slutt, og kva har de lært og ikkje lært? Korleis vises dette i filmen?

a. Birk
b. Magna
c. Arn
d. Erik
e. Uff

14) Beskriv forholdet mellom følgjande karakterar frå filmen. Kva likskap og skilnad har dei som personar? Korleis påverkar dette forholdet mellom dei? Kva er dei positive og negative sidene med forholda deira? Korleis utviklar forholda seg i løpet av filmen? Korleis vises denne utviklinga i filmen?

a. Birk og Magna
b. Birk og Arn
c. Birk og Uff

15) Korleis møtest Birk og Magna? Kva tykkjer dei om kvarandre under det første møtet?

16) Kva er Birk sine planar for å redde turisthytta? Kvifor er dette så viktig for han? Kvifor vil ikkje Arn at Birk skal bruke sine eigne pengar på hytta?
17) Kva slags filmar lagar Uff? Kvifor trur du at Birk hjelper han med dette?

18) Kvifor ønskjer Magna å treffe Erik frå kraftselskapet? Kva latar ho som at ho er der for å gjere? Kva fortel Erik henne om selskapet sine intensjonar? Korleis reagerer Erik på Magna sine spørsmål?

19) Kva er «det grøne skiftet», som Erik nemner for Magna?
Grønt skifte – Store norske leksikon

20) Kva er fornybar energi, som Erik fortel Magna at han er opptatt av? (Fornybar energi – Store norske leksikon)
Fornybar energi – Store norske leksikon

21) Kva betyr berekraft og berekraftig utvikling?
Berekraft – Store norske leksikon

22) Kvifor gikk Nilfheim kraft frå å vere et gruveselskap til å bli et kraftselskap? Kva skjedde med gruva da ho vart forlaten?

23) Kva er eit mottak eller deponi for farleg avfall? Kva vil det seie å deponere avfall? Kvifor grev ein iblant ned farleg avfall? Kvifor er det viktig å behandle avfall, spesielt farleg avfall, på en forsvarleg og berekraftig måte? Korleis gjerast dette no for tida?

Avfallsdeponi – Store norske leksikon
Farlig avfall – Store norske leksikon
24) Kvifor bryt Magna og Birk seg inn i den nedlagte kalkgruva? Kva finn dei der inne?

25) Kva er ein miljøaktivist? Endar Birk og Magna sjølv opp med å bli miljøaktivistar? Kvifor bryt miljøaktivistar iblant lova? Kva kjente miljøaksjonar har aktivistar utført i de seinare år? Kva er nokre av dei mest kjente norske miljøaksjonane? Kva har aktivistane forsøkt å oppnå med desse aksjonane?
Aktivist – Store norske leksikon

26) Kvifor vil Erik snakke med Birk? Korleis forsøker han å overtale Birk til å hjelpe han å overbevise Arn om å selje eigedom til han? Kvifor nøler Birk med å ta imot pengane Erik tilbyr ham?

27) Kvifor mistenkjer Magna at Nilfheim kraft har gjort noko ulovleg med avfallet dei har deponert? Kvifor meiner Birk at Magna sine mistankar høyrest ut som ein konspirasjonsteori?

28) Kva er en konspirasjonsteori? Kva er nokre av dei problematiske sidene ved konspirasjonsteoriar? Korleis kan konspirasjonsteoriar også vere nyttige? På kva måtar har internett vore med på å gjere konspirasjonsteoriar lettare å spreie, og dermed potensielt meir skadelege? Kva kjente konspirasjonsteoriar kjenner du til? Kva trur du er grunnen til at slike teoriar oppstår?
Konspirasjonsteori – Store norske leksikon

29) Korleis forsøker Birk å skaffe ekstra pengar for å betale gjelda Arn skuldar på turisthytta? Kva etiske problemstillingar møter han på i samband med det?

30) Kva er bakgrunnen for konflikten som oppstår mellom Birk og Arn? Kvifor har dei så ulikt syn på det å selje turisthytta? Kvifor trur du at Birk er så sterkt knytt til hytta?

31) Kva hemmelegheiter viser kopargruva seg å skjule? Kva finn Magna ut om faren sin skjebne, og kva svar får Birk om sin mystiske bakgrunn?

32) Kva trur du skjer videre med karakterane i filmen? Skriv ei kort fortsetjing av filmen si historie, der vi finn ut kva som skjer med Birk og Magna, Arn og turisthytta, Erik og kraftselskapet, og Uff og filmskapinga hans.


 

Filmstudieark

Forfatter:Thomas Wangsmo
Klassetrinn: [1. - 4. trinn, 5. - 7. trinn, 8. - 9. trinn]
Fag: Norsk , Samfunnsfag , Naturfag , Mediefag , KRLE-faget
Tema:Barn, Død, Etikk, Familie, Forbruk, Framtidshåp, Geografi, Historie, Identitet, Klima, Makt, Miljøvern, Mot, Natur og miljø, Naturfag, Naturvern, Norsk, Omsorg, Oppvekst, Politikk, Samfunn, Skole, Sorg, Tenår, Tilhørighet, Ungdom, Vennskap
 

Fakta

Originaltittel:Birk & Magna - Gruvens mørke hemmelighet
Regi:Christer Steffensen
Roller:Filip Kremner, Hermine Svortevik Oen, Bjarte Hjelmeland, Helge Jordal mfl.
Manus:Christer Steffensen og Sivert Kalvø Harang
Genre:Action / Eventyr / Familiefilm / Spenning / Thriller / Norsk
Nasjonalitet:Norge
Språk:Norsk
Produsent:Sivert Kalvø Harang og Njål Lambrechts
Produksjonsselskap:Truewest AS
Lengde:1 t. 30 min.
Distribusjon:Norsk Filmdistribusjon
Produksjonsår:2023
Aldersgrense:6 år
 
 
Filmplakat:

 
 
 
Norsk Filminstitutt
Adresse Oslo: Dronningens gate 16 0152 Oslo, +47 22 47 45 00
Adresse Bergen: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen