Om Stryn kulturhus

Her kan du lese meir om Stryn Kulturhus.

Stryn kulturhus er heile kommunen si storstove. Vi gjestar store og små arrangement, kunstutstillingar, konsertar, kino og mykje meir i løpet av året.

Vi har ein flott kaffibar, kinolounge og kiosk. Vi har sju store og små møtelokaler som passar seg til alle anledningar enten det skulle vere konferansar, kurs eller eit lite møte. Vi har også ein flott foajè som passar til store middagar, basarar eller konsertar.

I kulturhuset kan du få servert både varme og kalde drikkevarer. Vi har også gode vafler, kjeks, is og diverse andre godsaker i frå kaffibaren og kiosken vår.

For spørsmål eller tinging kontkat oss på telefon 57 87 47 65.

Leigeprisar Stryn kulturhus 2018.pdf

Kultursalen

Konsert, teater, konferanse, kinosal m.m 365 sitjeplassar.

Møterom

Tingsalen: Plass til 50 stk.

Skald: Plass til 15-20 stk.

Edda: Plass til 10 stk.

Edda og skald er delte med foldevegg og kan opnast. Det er då plass til 25-35 stk. alt etter møblering.

Ragnarokk: Plass til 10-15 stk.

Alle møterom er utstyrt med: Prosjektor og flippover.

Foajè

Fojaèen vår er eit eigna lokale til selskap, firmaevents, intimkonsertar, basarar og liknande. Vi har også eit eige område som er avsatt til kunstutstillingar.

Kjellar

I kjellaren vår har vi nyoppussa Heimskringla som er eit ungdomslokale med dansegolv. Den kan også leigast ut til barnebursdagar og liknande.

Servering og arrangement

Planlegg du ein samankomst for familie og vener, bursdagsfestar, julebord, firmafestar, møter.. etc. har vi eigna lokaler og opplegg som vert tilpassa dykkar behov. Ta kontoakt for meir informasjon eller eit uforpliktande tilbod.