
Vreid - Wild North West

Gi din vurdering:
Anmeldelser
Loading...
Fredag 23.4 kl. 18.00 og 20.30 er utsolgt! Ledige billettar laurdag 24.4 kl. 18.00
Fredag 23.april er det duka for verdspremiere på Sogndal Kulturhus.
Vreid lanserar sitt nye album «Wild North West» med ein film til albumet.
Albumet og filmen blir lansert 30.april, men allereie 23.april kan du bli med på ein eksklusiv verdspremiere på Sogndal Kulturhus. Kvelden vil starte med eit intervju med Vreid og produsent Håvard Nesbø før filmen har premiere i Sogndal.
Vreid har denne gangen gjort noko heilt unikt som ein aldri tidlegare har sett. Bandet har laga ein heil film til sitt nye album. Filmen består av 8 musikkvideoar som er knyta saman til ei historie som har blitt til ein film og eit konsept album. Heile filmen er spelt inn i Indre Sogn. Her har ein gjort innspelingar på Haukåsen, Amlabukti, Tylden, Nordnes, Frudalen, Anestølen og ikkje minst på Harastølen der store deler av innspelinga er gjort. Filmen er ei fiktiv reise om ein ung manns liv. Det er klare referansar til bandet si eiga historie, men den er og svært inspirert av ulike historiske hendingar som til dømes dei unge krigsseglarane og deira skjebne etter andre verdskrig, og ikkje minst Harastølen i Luster og den omfattande historia som bygget kan fortelje. Filmen viser fram Sogn sin storslåtte og inspirerande natur, og denne er det svært mange som assosierr med Vreid sin musikk. I årevis har folk frå andre deler av landet, og ikkje minst internasjonale turistar, besøkt bygdene i Indre Sogn for å komme nærmare den ekte historia om Sognametal.
Filmen blei produsert av Håvard Nesbø som også produserte Vreid sin "heim til gards" streaming konsert i Sogndalsdalen sumaren 2020. Frå fjellstølen til låtskrivar Jarle Kvåle på Nysete, streama dei ein konsert i heilt unike omgjevnader, til over 140 000 sjåarar i over 40 land. Streamen var kledd inn med store og dramatiske naturscener frå Indre Sogn, og fekk enorm merksemd ut over landegrensene . Streamen var produsert av Nesbø og Vreid med crew, og ein nytta seg kun av lokale og familiære dugnadsressursar.
Vreid
Bandet består av ein barndoms vennegjeng frå Sogndal. Oppstarting var i ein fjøs på Kvåle i 1993 med banda Ulcus og Windir. Etter bortgangen til Windir grunnleggar Terje Bakken i 2004 held ein fram som bandet Vreid. Musikken er blitt kjent som Sognametal med sitt fokus nå natur, historie og sagn frå regionen, og har tilhøyrarar verda rundt. Samla har ein gitt ut 13 album og 2 DVDar. Musikken er solgt i over 100 000 fysiske eksemplar og blitt streama fleire millionar gonger.
Vreid har gjort over 500 konsertar fordelt på 3 verdselar og 25 land. Bandet turnerar regelmessig i Noreg, Europa, Nord Amerika og Japan, og har spelt for tusenvis av publikummarar på verdas største musikk-festivalar - som til dømes Wacken i Tyskland, Hellfest i Frankrike, Domination i Mexico samt Øya og Tons of Rock i Noreg for å nemne nokon. Vreid har vore nominert til Spellemannsprisen, vunne NRK LUTT-prisen som Årets artist i Sogn og Fjordane i 2012, samt blitt stemt fram til Årets Sogning av Sogn Avis sine lesarar i 2019.
Fjellfant Production:
Filmskapar og fotograf Håvard Nesbø står bak Fjellfant Production og Nesbø har lang erfaring som frilansfotograf og tilretteleggar innan filmproduksjonar. Hovudsakleg har arbeidet vore levert rundt om i gamle Sogn og Fjordane som region, men han har bidrege med tilrettelegging for større filminnspelingar som Birkebeinerne, Tunnelen, Hevn, Lykkeland og Mission Impossible. Nesbø er soleis godt bevandra innan filmbransjen. Nesbø har og gjort mange reklameinnspelingar frå Sogne-regionen, samt levert dokumentarinnhald og nyhende til t.d TV2, NRK, Sogn Avis og NHK i Japan for å nemne nokon. Nesbø har jobba tett saman med Vreid sidan 2017.